Vayme
V

Vil du vere den som skapar struktur og flyt i ein travel kvardag?

Vindafjord kommune Heimetenesta

ØLEN Fast July 22, 2026

Job description

Nå søkjer me ein engasjert og utviklingsorientert konsulent i 80 - 100% fast stilling. Konsulenten har oppmøte ved begge lokasjonar. Dette er ei sentral stilling der du bidreg til at den daglege drifta fungere best mogleg gjennom koordinering, administrasjon og tett samarbeid med leiarar og medarbeidar. Hos oss blir du ein viktig del av eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og eit felles mål om å levere trygge og gode tenester til innbyggjarane våre.

Heimetenstene er lokaliserte på to stader:

Ølen omsorgssenter:

Heimetenestene Indre sone

Dagtilbod for eldre heimebuande

Vindafjordtunet:

Heimetenestene Ytre sone

Dagtilbod for personar med kognitiv svikt

Dagtilbod for eldre heimebuande

Kva får du jobba med hos oss?

Koordinere bemanning ved fråvær og innkalling av vikrar i samarbeid med leiarane.

Ressursstyring.

Registrering og oppfølging av avvik knytt til føring av lønn.

Faktura behandling.

Administrativ støtte til leiarar.

Ansvar for administrasjon og oppfølging av bilparken til heimetenestene.

Papirarbeid knytt til nytilsette.

Dokumentering i kommunen sine system.

Arbeid i ulike digitale system, mellom anna Visma, CarAdm, CosDoc, Fremsikt og webSak

Bestille varer og ha oversikt over lager for tenestene

Arkivarbeid

Andre merkantile og administrative oppgåver kan bli lagt til.

Me kan tilby:

Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.

Ei variert og viktig stilling med stor betydning for den daglege drifta.

Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.

Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.

Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.

Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).

Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.

Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.

Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

Relevant utdanning innan administrasjon, kontor eller økonomi på fagarbeidar nivå.

Det er eit ynskje med erfaring frå administrativt arbeid, gjerne innan helse og omsorgstenester eller anna offentleg verksemd.

God digital kompetanse og evne til å lære nye system.

Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

Er strukturert, nøyaktig og har god orden.

Trivst med å koordinere fleire oppgåver samstundes.

Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med andre.

Er serviceinnstilt er positivt i møte med kollega og samarbeidspartnarar.

Tek ansvar og arbeider sjølvstendig.

Er fleksibel og løysingsorientert i ein kvardag der proriteringar kan endra seg raskt.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.