S
Vil du være med og forme framtida i Suldal
Suldal kommune Kultur- og samfunnsutvikling
SAND Fast June 29, 2026
Job description

Store industrietableringar. Nye moglegheiter. Auka aktivitet og gir grunnlag for fleire lokale og regionale arbeidsplassar. Det skjer spennande ting i Noregs største kraftkommune dei komande åra - og no søkjer vi ein næringssjef som vil vere med å utvikle Suldal vidare.
Suldal står framfor ei tid med store moglegheiter innan næringsutvikling, etableringar, bustadvekst og lokal verdiskaping. Som næringssjef får du ei sentral rolle i å omsetje moglegheiter til handling og bidra til varig utvikling for kommunen og regionen. Dette er ei nøkkelstilling for deg som ønskjer å arbeide strategisk og operativt med samfunnsutvikling, næringsutvikling og samarbeid mellom offentlege og private aktørar.

Om stillinga
Som næringssjef får du ansvar for å leie og vidareutvikla kommunen sitt arbeid innan nærings- og samfunnsutvikling. Du skal identifisere moglegheiter, byggje relasjonar, koordinere innsats og leggje til rette for vekst og etableringar. Målet er å bidra til auka busetjing, fleire arbeidsplassar og størst mogleg lokal verdiskaping. Du vil samarbeide tett med politisk og administrativ leiing, næringslivet, regionale utviklingsmiljø, investorar, kunnskapsmiljø og andre sentrale aktørar.
Stillinga er plassert i kategorien rådgjevar kap. 5 og rapporterer direkte til kommunalsjef for Kultur- og samfunnsutvikling.

Arbeidsoppgåver

Leie og utvikle kommunen sitt strategiske arbeid innan næringsutvikling

Utarbeide og følgje opp nærings- og bustadstrategiar

Initiere, leie og gjennomføre utviklingsprosjekt og utgreiingsarbeid

Leggje til rette for nye etableringar og vidareutvikling av eksisterande næringsliv

Byggje og koordinere samarbeid mellom kommune, næringsliv og regionale aktørar

Bidra til å utvikle Suldal som ein attraktiv kommune for etablering, investering og busetjing

Arbeide aktivt med omdømebygging og synleggjering av moglegheitene i kommunen

Identifisere finansierings- og samarbeidsmoglegheiter for utviklingsprosjekt

Utarbeide planar, styringsgrunnlag og beslutningsunderlag

Politisk sakshandsaming

Kven ser vi etter?
Vi ser etter ein samfunnsengasjert og utviklingsorientert person som ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Du er relasjonsbyggjar, arbeider strukturert og trivst med å omsetje strategi til konkrete resultat. Du har gjennomføringskraft, evne til å få folk med deg og motiverast av å skape utvikling med langsiktig verdi.

Kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning innan samfunnsutvikling, økonomi, innovasjon, leiing, planlegging eller tilsvarande

Erfaring frå næringsutvikling, samfunnsutvikling, forretningsutvikling eller anna strategisk utviklingsarbeid

Erfaring med å leie eller koordinere prosjekt med fleire aktørar

Gode skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. Det er ein fordel om du har erfaring frå offentleg forvaltning og forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og næringsliv

Det er ein fordel om du har

Erfaring med etableringsarbeid, investeringsprosessar eller utvikling av næringsareal

Erfaring med å hente inn eller forvalte eksterne utviklingsmidlar

Kjennskap til regionalt næringsliv og utviklingsaktørar

Erfaring frå leiing av tverrfaglege samarbeid eller komplekse utviklingsprosessar

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk

Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du:

Tek initiativ og driv prosessar framover

Arbeider strukturert og omset planar til resultat

Byggjer gode relasjonar og skaper samarbeid

Kommuniserer tydeleg og får med deg ulike interessentar

Trivs du i skjeringspunktet mellom strategi og gjennomføring

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr
Ei sentral rolle i utviklinga av framtidas Suldal

Meiningsfulle og samfunnsviktige arbeidsoppgåver

Høg grad av sjølvstende og moglegheit til å påverke

Fleksibel arbeidsordning med høve til fleksibel arbeidstid og arbeidsstad

Dyktige kollegaer og sterke samarbeidsmiljø

Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du
Vi ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar. Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Vi ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf. 52 79 22 00
Spørsmål til stillinga kan rettast til kommunalsjef for Kultur- og samfunnsutvikling Øyvind Stueland, mail: oyvind.stueland@suldal.kommune.no, mobil: 913 81407

Link til søknadsskjema: Søk her
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav