Vayme
L

Vil du leie kvalitetsarbeidet ved Laboratoriet for medisinsk biokjemi?

Laboratoriet for medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Førde

FØRDE Fast July 22, 2026

Job description

Er du ein bioingeniør med interesse for medisinsk biokjemi og kvalitetsarbeid? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Laboratoriet for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) søker engasjert og framtidsretta kvalitetsleiar for medisinsk biokjemi. Dette er ei nøkkelrolle for deg som ønsker å kombinere fagleg tyngde med utviklingsarbeid. Som kvalitetsleiar får du ei sentral rolle i å vidareutvikle kvalitetsstyringssystemet og vere ein viktig pådrivar for kontinuerleg forbetring. Du arbeider tett med leiarar og fagmiljø, og bidreg til at laboratorieresultata held høg kvalitet og gjev trygt grunnlag for diagnostikk og behandling.

LMBB har analyseseksjonar ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Nordfjordeid, og har omlag 60 tilsette med ulike yrkestitlar. Avdelinga leverer laboratorietenester til avdelingar og poliklinikkar i Helse Førde, og til dei kommunale helsetenestene i Sogn og Fjordane.

Stillinga er organisert i stab til avdelingssjef og du får ansvar for å samordne kvalitetsstyringsystemet for avdelinga, i samarbeid med leiarar og fagansvarlege på tvers av seksjonane. Noko reiseverksemd mellom seksjonane må påreknast.

🌟 Vi søker deg som vil

Vere avdelinga sin fremste pådrivar for kvalitetsutvikling og forbetringsarbeid

Sikre at kvalitetsstyringssystemet støttar både fagleg utvikling og drift

Bidra til at avdelinga møter framtidige kvalitetskrav og teknologisk utvikling

Bygge ein sterk kvalitetskultur i samarbeid med kollegaer

Omsette regelverk og kvalitetskrav til praktiske, velfungerande løysingar

🌟 Hos oss får du

Ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste

Bu i eit friluftseldorado med unike moglegheiter for toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling, alpint og andre aktivitetar

Urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar.

Flyplass og utbygd bussrutenett for god kommunikasjon til dei større byane

Startdato etter avtale.

Er du klar for å bli ein del av vårt team?  LMBB Førde

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga.

Vi gler oss til å bli kjent med deg!

Ved internt opprykk/omrokkering kan det bli ledig stilling elles i avdelinga. Oppgje i søknaden om dette er av interesse

Arbeidsoppgåver

Vere pådrivar for og vidareutvikle kvalitetsarbeidet i avdelinga

Ha delegert ansvar for at kvalitetskrav og styringssystem blir etterlevde

Følge opp krav knytt til IVDR og anna relevant regelverk

Koordinere kvalitetsarbeidet i tett samarbeid med seksjonsleiarar, fagbioingeniørar og medisinskfagleg rådgivar

Planlegge, gjennomføre og følge opp interne og eksterne revisjonar

Leie oppfølging av avvik, risikovurderingar og forbetringstiltak

Planlegge og koordinere leiinga si gjennomgang

Godkjenne fagprosedyrar, valideringsprotokollar og rapportar innan medisinsk biokjemi

Bidra til opplæring, rettleiing og kompetanseutvikling innan kvalitetsområdet

Delta ved relevante kvalitetsprosjekt og i rutinearbeid ved behov

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning frå høgskule/univeristetsnivå, bioingeniørutdanning vert verktlagt

Erfaring frå kvalitetsarbeid, sertifisering, akkreditering, revisjon er ein fordel

God kjennskap til standard NS-EN ISO 15189 er ein fordel

God innsikt i IVDR regelverket er ein fordel

Erfaring innan sjukehus- og laboratoriearbeid er ein fordel

Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg. Søkarar utanfor Skandinavia må kunne vise til dokumentasjon på dette

Personlege eigenskapar

Er systematisk og strukturert

Ser samanhengar og tenker heilskapleg

Har gjennomføringsevne og tek initiativ

Er tydeleg og trygg i samarbeidet med andre

Motiverast av utvikling og forbetring

Evnar å få med deg andre i endrings- og forbetringsarbeid

Byggjer gode relasjonar og skapar tillit

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Opplæringsprogram for nytilsette

Fagleg og personleg utvikling

Triveleg og aktivt arbeidsmiljø

Arbeid i IA-bedrift

Sjukehuset kan bidra med å skaffe bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskeleg

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Kristina Apalseth Kalland, Avdelingssjef, +47 95923340

Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5155987518
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.