V
Vil du ha ein meningsfull jobb i helseavdelinga i Sandeid fengsel?
Vindafjord kommune Rus og psykiatri
ØLEN Fast July 19, 2026
Job description

Vil du vere med å vidareutvikle helsetilbodet i Sandeid fengsel?

Helseavdelinga i Sandeid fengsel søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar/vernepeiar. Me ser etter deg som vil vere med å vidareutvikle eit viktig helsetilbod.

Fast 80 % stilling på dagtid.

Sandeid fengsel er kategorisert som eit opent fengsel med lav sikkerheit, og har ein kapasitet på 88 innsette. Sandeid fengsel har eit variert tilbod kva gjeld aktivitetar/arbeid på dagtid, enten dette dreier seg om opplæring/skule eller praktisk arbeid.

Kva får du jobba med hos oss?

Individuelle samtalar og medisinoppfølging.

Oppfølging, koordinering, rettleiing,- og undervisning.

Samarbeid med tilsynslege, spesialisthelsetenesta, skule og kriminalomsorga.

Labratoriearbeid.

Me kan tilby:

Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.

Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.

Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.

Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.

Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)

Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.

Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.

Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Rekrutteringstillegg: Kr. 10.000 i rekrutteringstillegg for sjukepleiarar, vernepleiarar innafor helse og omsorg.

Kvalifikasjonar:

Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.

Kandidatar med vidareutdanning i psykisk helse og rusarbeid oppfordrast til å søka.

Erfaring frå psykisk helse -/rusfeltet er ein fordel.

Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

Engasjert, løysingsorientert og relasjonsbyggjande.

Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.

Strukturert og god på å prioritere i ein hektisk kvardag.

Robust, trygg og open, med høg arbeidskapasitet.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.

Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav