Job description

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak

Arbeidsoppgåver

100% mellombels stilling med praktisk og teoretisk undervisning i programområde VG1 og VG2 naturbruk. Undervisninga vil være knytt til klassar med fokus på anleggsgartnararbeid som m.a. planter, stein og maskin- og reiskapsbruk.

Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.

Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om praksis i bedrifter for elevane.

Kvalifikasjonar

Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i det ein skal undervise i.

Fagbrev innan anleggsgartnarfaget er eit ønske, men ikkje eit krav.

Dokumentert opplæring innan reiskapsbruk og sertifikat på maskiner som traktor, gravemaskin og/eller hjullaster er ønskeleg.

Relevant erfaring kan vege opp for manglande teoretisk kompetanse

Personlege eigenskapar

Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald.

Du har gode ferdigheter innan relasjonsbygging

Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.

Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.

Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre i laget rundt eleven.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon
Torbjørn Litlere, avdelingsleiar, 40488885

Arbeidsstad
Fanavegen 249

5244 Fana

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5147284700

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.08.2026

Sluttdato: 31.07.2027

Søknadsfrist: 27.07.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav