B
Vernepleiarar og miljøterapeutar Selje/Stadlandet
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
SELJE Fast July 8, 2026
Job description

Vil du vere med og utvikle gode helse- og omsorgstenester i Stad kommune?

Bu- og miljøtenesta Selje/Stadlandet har no tre ledige 100 % stillingar som vernepleiar/miljøterapeut. Stillingane inkluderer 20 % frie timar. Vi kan tilby moglegheit for langvaktturnus med komprimert arbeidstid, noko som kan gi større fleksibilitet og meir samanhengande fritid

Bu- og miljøtenesta er ei teneste i kontinuerleg utvikling, med fleire tenestestader som tilbyr heildøgnstenester og oppfølging av heimebuande brukarar. Vi gir tenester til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar med ulike funksjonsnedsettingar, og arbeider målretta for å skape trygge, meiningsfulle og individuelt tilpassa tenester.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, utvikling og brukarmedverknad står sentralt. Målet vårt er å bidra til at kvar enkelt tenestemottakar opplever meistring, sjølvstende og best mogleg livskvalitet.

Dette er stillingar for deg som ønskjer ansvar, sjølvstende og høg grad av fagleg påverknad i kvardagen. Hos oss jobbar du tett på menneske – og gjer ein reell forskjell.

Arbeidsoppgåver

Ansvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for

Kartlegge og vurdere behov

Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team

Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer, og bidra til kompetansedeling og fagleg utvikling

Følgje opp miljøterapeutiske tiltak

Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav

Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal

Tverrfagleg samarbeid med kommunale og eksterne tenester

Kvalifikasjonar

Utdanning og autorisasjon som vernepleiar eller treårig sosialfagleg utdanning på universitets- eller høgskulenivå

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Grunnleggande IKT-ferdigheiter

Aktuelle kandidatar må ha førarkort klasse B

Politiattest

Personlege eigenskapar

Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon

Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver

Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid

Tek initiativ og ansvar

Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

Godt tverrfagleg samarbeid

Høve til å skape eit godt arbeidsmiljø

Høve til fagleg utvikling

Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for

Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sleta delar av studielånet sitt

Stad kommune har god båtkorrespondanse til Bergen og nærflyplass i i Gloppen - Sandane Anda lufthamn.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast inn. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søknad om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontake avdelingsleiar Silje Sneide telefon 481 19 558 eller assisterande einingsleiar Ann-Charlotte Jansson telefon 977 23 146

Kontaktinformasjon
Silje Sneide, Avdelingsleiar Bu- og miljøtenesta, 48119558, silje.sneide@stad.kommune.no

Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

Arbeidsstad

6750 Stadlandet

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5152939238

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav