Vayme
A

Vernepleiar 100% - Prestbrekka bufellesskap

Alver kommune

MANGER Fast July 5, 2026

Job description

Om stillinga

Me søkjer ein engasjert og fagleg trygg vernepleiar til 100 % fast stilling i langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg. Dette er ei spanande stilling for deg som ønskjer å bruke kompetansen din og vere med på å utvikle gode, målretta og trygge tenester.

Stillinga er i hovudsak knytt til éin tenestemottakar, og me ser etter deg som har kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Du vil få ein viktig rolle i å skape føreseielege rammer, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.

Sjukepleiarar kan òg bli vurderte og oppstart er etter avtale.

Om Prestbrekka bufellesskap

Prestbrekka bufellesskap ligg sentralt på Manger og er heim for ni personar med ulike bistandsbehov. Hos oss er målet å gi tenester med høg fagleg kvalitet, tilpassa den einskilde, slik at bebuarane får ein trygg, aktiv og best mogleg kvardag.

Du blir del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø med vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Me legg vekt på samarbeid, fagutvikling og at medarbeidarane våre skal oppleve meistring og utvikling i jobben.

Arbeidsoppgåver

fagutvikling, opplæring og rettleiing

utarbeide mål, planar og tiltak

arbeide i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9

leggje til rette for gode og individuelt tilpassa tenester

sikre god dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar og retningslinjer

kartleggje behov og følgje opp tiltak

samarbeide med lege og spesialisthelsetenesta

Kompetanse

Me søkjer deg som er

Offentleg godkjent vernepleiar. Sjukepleiar med relevant erfaring er også velkommen til å søkje

har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

har gode datakunnskapar

har førarkort klasse B

Det er eit føremon om du har erfaring med autisme og åtferd som utfordrar. Det er viktig at du har god fysisk helse og trivst i ein aktiv arbeidskvardag.

Kven er du?

Me trur du vil trivast hos oss dersom du:

er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til utvikling

er trygg, roleg og tydeleg i møte med andre

er løysingsorientert og strukturert

er robust og stabil, og klarer å halde fast ved tiltak og struktur også når kvardagen er krevjande

byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar

ser verdien av målretta miljøarbeid og individuelt tilpassa tenester

Me tilbyr

kr 50 000 i rekrutteringstilskot i 100% mot signert bindingsavtale i to år

kr 9 000 over grunnlønn i tariffavtale;
løn: 554 400 - 648 900 etter din lønsansiennitet

langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg

årsturnus med moglegheit for innspel på arbeidstid

gratis parkering

godt fagmiljø og tett samarbeid med kompetente kollegaer

moglegheit for fagleg og personleg utvikling

god pensjonsordning

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.