Vayme
K

Trommelærar Vinje kulturskule – Vikariat – 20%

Kultur, Vinje kommune

VINJE Vikariat July 7, 2026

Job description

Vinje kulturskule søkjer ein engasjert og pedagogisk trommelærar i 25 % vikarstilling for hausten 2026, med moglegheit for forlenging. Kulturskulen er ein viktig arena for skaparglede, meistring og fellesskap for born og unge i kommunen. Som trommelærar vil du møte elevar i alderen 6–18 år og få høve til å bidra inn i eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø.

Stillinga er i hovudsak knytt til individuelt undervisningsarbeid, men samspel er ein naturleg og viktig del av undervisninga i Vinje kulturskule. Du vil samarbeide med andre instrumentlærarar og vere med på å utvikle elevane sine musikalske dugleikar gjennom samspel, konsertar og deltaking på arrangement som UKM (Ung kultur møtast). Me ser etter deg som ynskjer å bidra til eit inkluderande læringsmiljø og som ser verdien av kulturskulen som ein viktig møteplass for born og unge.

Arbeidsoppgåver

Planleggje og gjennomføre undervisning i trommer for elevar i alderen 6–18 år

Tilpasse undervisninga til den enkelte elev sitt nivå og behov

Delta i og bidra til samspelundervisning saman med andre lærarar i kulturskulen

Motivere elevane til fagleg utvikling, meistring og musikkglede

Følgje opp elevar fram mot konsertar og andre arrangement

Bidra inn mot UKM og andre prosjekt i regi av kulturskulen

Samarbeide med føresette ved behov

Delta på personalmøte og utviklingsarbeid i kulturskulen

Kvalifikasjonar

Relevant pedagogisk utdanning er ynskjeleg

Musikkfagleg utdanning innan trommer/perkusjon er ynskjeleg

Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell musikkutdanning

Erfaring frå undervisning eller arbeid med born og unge er ein fordel

Interesse for og erfaring med samspel og ensemblearbeid er ynskjeleg

Førarkort klasse B og disponering av eigen bil er eit krav

Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding

Stillinga følgjer arbeidstidsavtalen SFS 2213

Personlege eigenskapar

Du er fagleg dyktig og trygg i rollen som trommelærar

Du er pedagogisk og har gode relasjonelle dugleikar i møte med born og unge

Du er engasjert og motiverande

Du samarbeider godt med kollegaer på tvers av fagområde

Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eiga undervisning

Du er fleksibel og løysingsorientert

Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet og til utviklinga av kulturskulen

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Me tilbyr

Ei meiningsfull stilling i ein kulturskule med høge ambisjonar på elevane sine vegner

Eit inkluderande og imøtekomande kollegium med god kultur for samarbeid.

Moglegheit til å samarbeide på tvers av kunst- og fagområde

Fast møtearena kvar veke, med fokus på fagutvikling, utviklingsarbeid og teambuilding

Ein arbeidsplass som aktivt bidreg til kultur- og oppvekstarbeid i lokalsamfunnet

Høve til å vere med og vidareutvikle ein kulturskule med lågterskel kulturtilbod for born og unge

Løn etter gjeldande avtaleverk

God forsikrings- og pensjonsordning

Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår.

Kontaktinformasjon
Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, kristian.rantala@vinje.kommune.no

Arbeidsstad
Vinjevegen 192
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5154514539
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 09.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.