Y
Tilkallingsvikarar
Ytre Haram omsorgsdistrikt
BRATTVÅG Engasjement March 29, 2026
Job description

Ytre Haram omsorgsdistrikt søkjer etter tilkallingsvikarar. Vi søkjer deg som kan stille opp ved behov, og som ønskjer å bidra til at brukarane våre får gode og trygge tenester.

Ytre Haram omsorgsdistrikt består av Haram omsorgssenter, Ytre Haram og Nordøyane heimetenstedistrikt og to dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

Pleie og omsorg til brukarar

Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på å følgje faglege retningslinjer

Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar

Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande

Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

Helsepersonell og personar utan utdanning kan søkje

Førarkort klasse B for stilling i heimetenesta

Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging

Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Likar å jobbe med menneske

Fleksibel og løysingsorientert

Tek ansvar og samarbeider godt

Møter andre med respekt og varme

Kan jobbe sjølvstendig når det trengst

Må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø

Godt humør og ei positiv framtoning

Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme

Vi tilbyr

Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte

Stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på

Variert arbeid i møte med mange ulike menneske

God opplæring

Moglegheit for vidare vikaroppdrag og sommarjobb

Løn etter tariff

Kontaktinformasjon
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Arbeidssted
Storgata 20

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Haram kommune

Referansenr.: 5101749617

Stillingsprosent: 0%

Engasjement

Søknadsfrist: 31.01.2027

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav