Vayme
P

Tilkallingsvikar - Bruli bufellesskap

Psykisk helse og rus, Vinje kommune

VINJE Vikariat June 14, 2026

Job description

Har du lyst å bidra og gjera ein forskjell for andre? Då kan Bruli bufellesskap vera rette staden for deg!
Me leitar etter engasjerte tilkallingsvikarar som ynskjer å jobbe med menneske – anten du er ferdig utdanna, student eller elev. Dette er ein flott moglegheit til å få verdifull erfaring innan psykisk helse og rus, og samstundes utvikle deg fagleg og personleg eller prøve noko nytt.

Bebuarane på Bruli bur i eigen leilegheit og får tilpassa tenester frå kommunen. Me er opptekne av å skape tryggleik, forutsigbarheit og gode kvardagar for kvar enkelt – på deira eigne premissar. I tillegg gjev me tenester til nokre brukarar som bur utanfor bufellesskapet.

Hos oss blir du ein viktig del av eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø, med fokus på fagleg utvikling og godt samarbeid.

Arbeidsoppgåver

Miljøarbeid - gjennom å støtte bebuarar i å meistre eigen kvardag, bidra til struktur, trivsel og gode opplevingar

Praktisk bistand i leilegheitene - som matlaging, rydding, hygiene, reinhald og andre daglege oppgåver der dette er ein del av tenesta

Praktiske oppgåver i avdelinga - praktiske gjeremål som å halde orden i fellesareal, førebu felles måltid på laurdagar og andre helsefaglege oppgåver

Gjennomføre gåturar, handleturar eller andre små aktivitetar i nærmiljøet

Medikamenthandtering - dele ut medisin i tråd med gjeldande rutinar

Dokumentasjon i journal

Kvalifikasjonar

Du er sjukepleiar, vernepleiar eller har anna relevant høgskuleutdanning

Du har fagbrev som helsefagarbeidar eller har anna relevant fagutdanning

Du er elev/student innan helse- eller sosialfag og ynskjer arbeidserfaring

Du er ufaglært, men har erfaring/interesse for arbeid med å bistå mennesker med sammensatte behov

Du har gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar (tilsvarande nivå B2)

Du har digital kompetanse

Du har førarkort for bil - kl. B (ikkje krav for å søkje stillinga)

Politiattest må leggast fram før tilsetting

Personlege eigenskapar

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Du er påliteleg, arbeidsom og sjølvstendig

Du har evne til å skape gode, trygge relasjonar til både brukarar, pårørande og kollegaer

Du har gode samarbeidsevner og er ein positiv lagspelar som bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø

Du tar initiativ og ynskjer å lære

Du har interesse for menneskje med samansette behov

Du snakkar og forstår norsk godt

Me tilbyr

Eit godt fagmiljø med engasjerte kollegaer

Utfordrande, spennande og varierandearbeidsoppgåver

God forsikrings- og pensjonsordning

Opplæring blir avtalt med kvar enkelt vikar. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande etter søknadsfristen. Du må levere vitnemål og attestar.

Bonusordning i sommarferien

Me tilbyr ein sommarbonus på kr. 22 000. Du får bonusen dersom du arbeider meir enn 75 % stilling, er med oss minst seks veker i sommarperioden i veke 26–33, og jobbar halvparten av helgene. Bonusen blir utbetalt i august eller september.

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon
Kyrre Saupstad, Avdelingsleiar psykisk helse og rus, +47 46618242, kyrre.saupstad@vinje.kommune.no

Arbeidsstad
Vinjevegen 236
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5114011568
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 19.07.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.