Job description

DPS dag har ledig 100% fast stilling for terapeut med høgskuleutdanning til OP-teamet.

OP-team er eit ambulant team som arbeider primært med pasientar som har alvorlege psykiske lidingar. OP-team planlegg å bli eit FACT-team på sikt. Vi ser etter deg som ønskjer å jobbe der pasientane er, og har eit ynskje om å samhandle på tvers av tenestenivå for å gi pasientar best mogleg oppfølging. DPS dag er opptatt av god samhandling, og vi motiverast av å ha pasientens ynskjer og behov i fokus.

DPS dag er ein poliklinikk som gir distriktspsykiatriske tilbod til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Poliklinikken er ein seksjon i avdelinga Psykiatrisk klinikk. Dei tilsette i poliklinikken er tverrfagleg samansett med legar, psykologar og høgskuletilsette. Vi har eit aktivt forskingsmiljø knytt til psykiatrisk klinikk og har fleire tilsette i pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling. Poliklinikken er lokalisert i både Førde og Florø.

Nyttig info ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF

Arbeidsoppgåver

Utgreing og diagnostisering i samråd med spesialist

Tilby erfarings- og kunnskapsbasert behandling i samråd med pasienten

Delta og bidra i tverrfagleg team

Den som vert tilsett, må arbeide ambulant

Kartlegging av pasienten sine ressursar

Arbeide innsatsstyrt i pasientbehandlinga

Utarbeide behandlings- og kriseplanar - samt følge dei opp

Utstrakt grad av samhandling med kommunar, fastlegar og pårørande

Kvalifikasjonar

Helse- og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning eller tilsvarande

Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus, det er ynskjelig med utvida kompetanse innan rusfeltet

Lang relevant klinisk erfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning

Minimum to års klinisk erfaring frå arbeid med psykisk helse og/eller rus

Forståing av systemet rundt pasienten og kjennskap til arbeidsoppgåver innan 1. og 2. lineteneste

Norskkunnskapar: God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, både skriftleg og munnleg

Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Evne til å prioritere oppgåver i ein hektisk kvardag

Eit reelt engasjement for pasientgruppa

Evne til å skape gode relasjonar

Gode samarbeidsevner

Fleksibel og evne til å vere løysingsfokusert

Lyst til å utvikle deg saman med oss

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Høgt fagleg nivå

Rettleiing

IA bedrift

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Rebecca Mendes Melvær, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 707

Arbeidssted
Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5133482520

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 21.06.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav