Vayme
K

Styrar Orre barnehage

Klepp kommune, Barnehagesjef

KLEPPE Fast July 2, 2026

Job description

Orre barnehage er ein kommunal barnehage med flott plassering på Orre. I barnehagen er det om lag 100 barn. Barnehagen er ein viktig del av lokalsamfunnet, og vi har eit tett og godt samarbeid med Orre skule, føresette og andre lokale aktørar. Det sterke engasjementet i lokalmiljøet skaper gode rammer for fellesskap, tilhøyrsle og trygge oppvekstvilkår for barna.

Vi er stolte av eit stabilt og kompetent personale med høg fagleg kvalitet. Barnehagen har over tid hatt lågt sjukefråvær, noko som bidreg til kontinuitet, gode relasjonar og eit godt arbeidsmiljø. Vi har ein høg andel pedagogar, også utover pedagognorma, og jobbar målretta for å sikre eit best mogleg tilbod til barna.
Som styrar i Orre barnehage får du leie ein veldriven barnehage med god økonomi, dyktige medarbeidarar og engasjerte føresette. Du blir ikkje ståande aleine i leiaroppgåvene. Barnehagen har avdelingsleiar som gir tett leiarstøtte i kvardagen, og som ny styrar får du ein eigen fadder som hjelper deg godt inn i rolla og organisasjonen.

I Klepp kommune satsar vi på leiarane våre. Du blir ein del av barnehagesjefen si leiargruppe og får bidra i utviklingsarbeid på tvers av kommunen sine barnehagar. Samtidig har kommunen styrkt støttefunksjonane rundt leiarane gjennom ei ny personalavdeling som gir god støtte i arbeidsgivar- og personalspørsmål.

Vi ønskjer at leiarar skal ha høve til å utvikle seg, tenkje strategisk og hente ny energi. Derfor tilbyr vi, i tillegg til ferie, eiga ordning med leiarfridagar.
Dette er ei stilling for deg som ønskjer å bruke leiarerfaringa di i ein barnehage med solide resultat, høg fagleg kvalitet, god støtte rundt leiarrolla og eit sterkt lokalsamfunn i ryggen. Her får du gode føresetnader for å lykkast som leiar – og for å gjere ein forskjell for barna kvar einaste dag.

Arbeidsoppgåver

Som styrar får du moglegheita til å setje retning, inspirere om lag 30 medarbeidarar og vere med på å forme kvardagen for om lag 100 barn. Du får eit heilskapleg ansvar for drift og utvikling av barnehagen, og ei sentral rolle i arbeidet med å sikre høg kvalitet i tilbodet til barn og familiar.

Du vil mellom anna få ansvar for å:
* Leie og vidareutvikle det pedagogiske arbeidet i barnehagen
* Skape engasjement og fagleg utvikling blant medarbeidarane
* Sikre eit trygt, inkluderande og lærerikt miljø for alle barn
* Drive utviklings- og kvalitetsarbeid i tråd med framtidas barnehage
* Forvalte barnehagen sine økonomiske ressursar på ein god måte
* Utøve personalleiing med fokus på nærvær, kompetanse og arbeidsmiljø
* Vidareutvikle barnehagen i tråd med nasjonale føringar, kommunale satsingar og lokale behov
* Byggje tillitsfulle relasjonar og godt samarbeid med føresette, tverrfaglege samarbeidspartnarar og lokalsamfunnet til beste for barna

Som leiar i Klepp kommune blir du ein del av eit kompetent og utviklingsorientert leiarnettverk der samarbeid, støtte og erfaringsdeling står sentralt. Du får høve til å påverke både eigen barnehage og utviklinga av barnehagesektoren i kommunen.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter ein leiar som har:

* Godkjend treårig høgare utdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse.
* Styrar- eller leiarutdanning.
* Erfaring med leiing og utvikling av medarbeidarar og profesjonsfellesskap.
* God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
* God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
* God digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye digitale løysingar.
* God forståing for økonomistyring og ressursforvaltning.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein leiar som:

* Er tydeleg, trygg og relasjonssterk.
* Skaper engasjement, retning og utvikling saman med medarbeidarane.
* Arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta.
* Er løysingsorientert og har evne til å omsetje idear til handling.
* Byggjer tillit og gode relasjonar med tilsette, føresette og samarbeidspartnarar.
* Har eit sterkt engasjement for barn si leik, læring og utvikling.
* Bidreg til eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, openheit og arbeidsglede.

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram politiattest i tråd med barnehagelova § 30. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månader.

Vi tilbyr

Eit spennande og meiningsfullt leiaroppdrag.

* Dyktige medarbeidarar og eit godt fagleg fellesskap.
* Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
* Gode pensjons- og forsikringsordningar.
* Fleire velferdsordningar for tilsette i Klepp kommune.
* Løn etter lokal lønspolitikk og relevant kompetanse.

Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtalar.

Kontaktinformasjon
Alvhild Aksnes, Barnehagesjef, +47 48111544

Arbeidsstad
Nordsjøvegen 230
4352 KLEPPE

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5153265852
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.