Vayme
A

Spesialsjukepleiar/ Sjukepleiar/ Vernepleiar

Akuttpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF

HJELSET Fast June 11, 2026

Job description

Vi har no ledig tre stillingar ved vår seksjon:

100% vikariat for sjukepleiar/ vernepleiar. Varighet 01.09.26 - 31.12.27

100% vikariat for sjukepleiar/ vernepleiar p.t. på natt. Varighet 15.08.26-31.12.26

100% fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiar, p.t. på natt frå 02.11.26

Vi ønskjer oss positive og fagleg dyktige personar som ønskjer å bidra til at vi saman skal kunne tilby pasientane våre den beste behandlinga når dei kjem til oss. Som ein del av spesialisthelsetenesta verdset vi kompetanse og fagleg dyktigheit. Vi ønskjer oss kollegaer som er personleg eigna til å jobbe med vår pasientgruppe. Som eit tverrfagleg team ønskjer vi å tilby pasientane våre eit behandlingstilbod som er i tråd med våre kjerneverdiar; tryggleik, kvalitet og respekt. Dersom du kjenner deg igjen i skildringa over, så håper vi at du sender oss ein søknad.

Arbeidsoppgåver

Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa

Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer

Følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak

Obligatorisk kursing og trening i MAP

Delta aktivt i seksjonen si utvikling

Legemiddelhandtering

Stillingane inneber turnusarbeid

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar. Vidareutdanning innan psykiatri vil vere ein fordel.

Det er ønskjeleg med erfaring frå psykisk helsearbeid, rus eller anna relevant arbeid, men det er ikkje eit krav

Søkjarar med anna aktuell helsefagleg utdanning kan bli vurdert til stillinga

Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar

Førarkort kl. B er ønskeleg

Personlege eigenskapar

Denne jobben kan tidvis vere krevjande kjenslemessig så det er viktig å vere ærleg mot seg sjølv og melde sitt behov om du skulle føle for at nokon ser deg og kan bistå slik at du får den støtte og rettleiing du treng. I det daglege arbeidet vil du jobbe tett på menneske som har tøffe historier med seg og som slit med seinskadar av dette, og det forventar vi at du toler å stå i.

Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne si avgrensning, og nok styrke til å trå til når det trengst

Du er nysgjerrig på fagfeltet, tør å stille spørsmål og er komfortabel med å bringe dine synspunkt inn til diskusjon med dine kollegaer

Vi jobbar i eit hektisk miljø og vi er avhengige av å ha tilsette som kan ta ei utfordring på sparket, og stole på seg sjølv

Du er positiv, ein god relasjonsbyggar og løysingsorientert slik at vi kan samarbeide godt både i eigen seksjon og på tvers med andre yrkesgrupper og andre samarbeidspartnarar

Du har stor arbeidskapasitet og god fysisk og psykisk helse då vi tidvis har pasientarbeid som er krevjande

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi oppmodar spesielt menn til å søkje.

Vi tilbyr

Sterkt tverrfagleg samarbeid

Ein inkluderande arbeidsplass

Løn etter gjeldande overeinskomstar

Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her. Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.

Kontaktinformasjon

Ingrid Ølander, Seksjonsleiar, Ingrid.Olander@helse-mr.no

Arbeidssted

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5137944884
Stillingsprosent: 100%
Vikariat, Fast
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 17.07.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.