V
Spanande stilling fordelt mellom Gnisten og Sandeid bufellesskap
Vindafjord kommune Tilrettelagde tenester
ØLEN Vikariat June 11, 2026
Job description

Me har no ledig eit omlag 100% vikariat i perioden 15.08 til 31.12.2026 med moglegheit for forlenging. Stillinga er fordelt mellom Gnisten arbeids og aktivitetssenter og Sandeid bufellesskap.

Tilrettelagte tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse- og omsorgstenestelova; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlastning, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeids og aktivitetssenter. Det er tre avdelingar i tilrettelagte tenester. To av desse er heildøgns-bemanna bufellesskap, der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utanom bufellesskapa.

Eining tilrettelagte tenester gjev målretta miljøarbeid. Tenestene er personleg, sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov. Formålet er å fremje personleg eigenmestring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet.

Kva får du jobba med hos oss?

Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukarenes behov.

Fagarbeidar jobbar i team med miljøterapeutar og assistentar

Arbeidet er turnus kombinert med ordinære dagvakter på Gnisten og kveld/langvakter ved Sandeid bufellesskap. Arbeid kvar tredje helg med langvakter.

Me kan tilby:

Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.

Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.

Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.

Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.

Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.

Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!

Gratis parkering

Kvalifikasjonar:

Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Studentar fortrinnsvis innan helse- og omsorg oppfordrast og til å søkje. Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming er ynskjeleg, men ikkje eit krav.

Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Førarkort

Personlege eigenskapar:

Evne til samarbeid

Evne til å ta imot og gje rettleiing

Evne til refleksjon

Evne til å arbeide sjølvstendig

Positiv innstilling til brukarar og arbeidsplass

Fleksibilitet

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.

Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav