Vayme
E

Sjukepleiar, vikariat

Eidet omsorgssenter avd 1, Haram kommune

TENNFJORD Vikariat May 11, 2026

Job description

Vil du vere med og utvikle omsorgstenestene for framtida?
Ønskjer du ein arbeidsplass der samarbeid, fagleg deling og det å løfte kvarandre står sterkt – og der tryggleik, verdigheit og livskvalitet for pasientane alltid kjem først? Då kan Eidet omsorgssenter vere rett stad for deg.

Eidet omsorgssenter ligg om lag 20 minutt frå Spjelkavik/Moa-området, og er eit moderne omsorgssenter som stod ferdig i 2017. Senteret består av to avdelingar med totalt 37 plassar, og gir heildøgns omsorg til personar som har behov for avlasting, eller som har demens eller somatisk sjukdom.
Vi har felles leiing med heimetenesta i Haram indre, og arbeider målretta saman for å sikre stabil drift, høg fagkompetanse og tenester av best mogleg kvalitet. Eidet omsorgssenter har eige kjøkken, konsulent i resepsjonen og vaktmeister, noko som gir god støtte i det daglege arbeidet. I tillegg har vi kafé/kantine i vekedagane.
Turnusordningane våre omfattar dag- og kveldsvakter med arbeid kvar tredje helg, eller langvakter på helg med arbeid kvar fjerde helg. Sjukepleiarane hos oss har faste stabsvakter, med vakter fordelt i avdeling.

No søkjer vi ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar til avdeling 1, som har 15 pasientar. Hos oss blir du ein viktig del av eit arbeidsmiljø som byggjer lag – kvar einaste dag – og der sjukepleiarkompetansen blir verdsett og brukt aktivt i pasientarbeidet.
Søkjarar som er i ferd med å fullføre sjukepleiarutdanninga si, er også velkomne til å søkje.

Arbeidsoppgåver

Sikre at pasientar får helsehjelp og tenester av høg kvalitet i tråd med gjeldande lover og retningslinjer

Observasjon, kartlegging, tiltak og dokumentasjon i Helseplattformen

Legemiddelhandtering

Laboratoriearbeid

Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar

Bidra til meistring, tryggleik og auka livskvalitet i kvardagen

Samarbeid med pårørande og interne/eksterne samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar

Relevant erfaring er ein fordel, men vi ønskjer også nyutdanna sjukepleiarar velkomne som søkjarar

God munnleg og skriftleg norsk (minimum B2)

Grunnleggjande IKT-kompetanse

Politattest, MRSA- og TBC‑eigenerklæring vert krevd ved tilsetjing, i tillegg treng du gyldig norsk personnummer/D-nummer.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

Trygg, tydeleg og engasjert – med pasienten i fokus

Løysingsorientert, fleksibel og positiv til nye utfordringar

Sjølvstendig, men også ein god lagspelar

Ein som bidreg til fellesskap, stabilitet og eit godt arbeidsmiljø

Nytenkjande og endringsvillig

Personlege eigenskapar vil bli vektlagd

Vi tilbyr

Eit fagleg sterkt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø

Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidskvardag

Gode rutinar, tett samarbeid og kollegaer som gjer kvarandre gode

Møtetid i turnus, med internundervisning etter plan

Sjukepleiar i stab

Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver

Løn, pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff

Bedriftshelseteneste

Gratis parkering og gode kollektivforbindelsar

Kontaktinformasjon
Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar avdeling 1, +4791004986, Maria.Nordbo.Solevag@haram.kommune.no
Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no

Arbeidsstad
Trolldalssletta 12
6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5088307896
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.05.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 19.07.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.