Vayme
A

Sjukepleiar ved Meland Sjukeheim, avd. Lerketunet

Alver kommune

FREKHAUG Fast June 18, 2026

Job description

Om stillinga

Vi har for tida ledig sjukepleiarstilling i todelt turnus ved Meland sjukeheim ved avdeling Lerketunet. Vi kan tilby
100% stilling, men er også open for anna stillingsprosent dersom du ønskjer dette. Stillinga har som utgangspunkt arbeid kvar 3. helg, men du kan velje langvakter kvar 4. helg. Det er også mogleg med langvaktsturnus.

Om avdelinga

På Meland Sjukeheim blir du ein del av eit varmt og inkluderande fagmiljø der omsorg, kompetanse og gode menneskemøte står i sentrum. Hos oss er ingen dagar heilt like, men alle dagar betyr noko.

No søkjer vi ein engasjert sjukepleiar til Lerketunet, ei avdeling med 12 plassar for personar som lever med demenssjukdom. Her står tryggleik, relasjonar og livskvalitet i fokus, og vi arbeider målretta for å skape ein meiningsfull og god kvardag for bebuarane våre.

Miljøarbeid er ein sentral del av tenesta, og målet vårt er å tilby eit trygt, og omsorgsfullt  miljø der kvar enkelt får den støtta og omsorga dei treng. Gjennom eit kompetent og engasjert team legg vi vekt på individuell tilnærming, aktivitet og meistring, slik at bebuarane kan oppleve glede, trivsel og best mogleg livskvalitet.

På Meland Sjukeheim har vi også ein somatisk langtidsavdeling, Nordgardstunet, med 24 pasientar, og ein korttidsavdeling, Solkroken, med 12 plassar.

Arbeidsoppgåver

Sjukepleiefagleg oppfølging og behandling av pasientar

Kartlegging, planlegging og evaluering av sjukepleietiltak

Samhandling med pårørande

Tverrfagleg samarbeid

Veileding av kollegaer og studentar

Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar

Bidra til utvikling av gode tenester

Vi har også innført ordning med ansvarssjukepleiar på kveld og helg ved Meland Sjukeheim. Dette innebærer ansvar for heile sjukeheimen saman med evt. annan sjukepleiar på avdelingane. Her får ein som sjukepleiar ansvar for sjukepleiarfaglege oppgåver på tvers av avdelingane, noko som bidreg til auka kompetanse og nye utfordringar for tilsette.

Kompetansekrav

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2- test

Fordel med erfaring fra eldreomsorg

Kven er du?

Vi ser etter deg som:
Er ein fagleg dyktig sjukepleiarar med genuint engasjement for eldreomsorg, og som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår.

Er trygg, fleksibel og løysningsorientert.

Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar

Er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team.

Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.

Vi tilbyr

Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer

Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø

Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar

Årsturnus, med muligheter for langvaktsturnus.

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

God pensjonsordning gjennom KLP

Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,-over garantiløn etter Hovudtariffavtalen

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.