H
Sjukepleiar
Hogatunet bu- og behandlingssenter, Stad kommune
NORDFJORDEID Fast June 7, 2026
Job description

Vi søker sjukepleiar i fast stilling i turnus ved Hogatunet frå 30.11.2026.. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om annan stillingsprosent kan vurderast.

Du må trivast med ansvar,ta sjølvstendige faglege vurderingar og handtere varierte situasjonar. Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar.

Du får brukt din sjukepleiarkompetanse der den trengst mest. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear er verdsette. Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.

Som tilsett i eininga vil du samarbeide med andre tenester som heimetenesta, sjukehus, legetenesta og fysio-og ergoterapitenesta.

Vi har årsturnus og stillinga har tredelt turnus med hovudvekt på nattevakter.

Du vil kunne få muligheit til å velge langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette.
Langvakter gir betre kontinuitet for tenestemottakarane, reduserer stress i kvardagen, og gir komprimert arbeidstid på helg og lengre friperiodar.

Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon. Det er og tilbod om sommaravtale mot ekstra kompensasjon.

Sjukepleiarar i turnus får tilbod om kr. 30.000,- over tarifflønn, som eit rekrutteringstillegg. Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar. Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt.

Hogatunet har 52 institusjonsplassar fordelte på fem avdelingar. Det er fire avdelingar for langtidsopphald der to avdelingar er spesielt tilpassa bebuarar med behov for skjerming i kvardagen. Ei avdeling er tilrettelagt for korttids- og avlastningsopphald.
Hogatunet har eige institusjonskjøkken som òg leverer mat til heimebuande og Fossevegen bufellesskap.

Er du sjukepleiestudent oppmodar vi deg til å søkje!

Arbeidsoppgåver

Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling

Kartlegging og vurdering av behov til brukarane

Samarbeid med pårørande

Samarbeid med sakshandsamarteam

Oppfølging og dokumentasjon etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer

God organisasjons- og systemforståing

Rettleie medarbeidarar, studentar og lærlingar

Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell

Kvalifikasjonar

Off. godkjend/autorisert sjukepleiar

Er du sjukepleiarstudent oppfordrar vi deg til å søkje

Gjerne relevant vidareutdanning og kurs

Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Du jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Du likar utfordringar og varierte arbeidsdagar

Er fleksibel, tek initiativ og ansvar

Du kan arbeide sjølvstendig og samarbeid med andre

For oss er det viktig at du trivast med menneske og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må difor kunne setje deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.

Vi tilbyr

Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet til å planlegge arbeidstid

Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar

Rekrutteringstilskot kr 30 000,- over garantiløna etter hovudtariffavtalen kap.4.

Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar og sommaravtale i turnus, mot ekstra kompensasjon

Høve til å inngå individuell avtale om frie timar i turnus

Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar fjerde helg) , og i vekedagane for lengre friperiodar

Tilbod om flyttegodtgjersle om du flyttar til kommunen vår

Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område kommunen har behov for

Høve til å inngå avtale om stipend og bindingstid som sjukepleiarstudent

Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagde ved søknaden.

Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane til Stad kommune finn du her.

Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi ber om referansar av nyare dato. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Siv Helen J. Tødenes eller einingsleiar Heidi Munch Starheim.

Kontaktinformasjon
Siv Helen Johnson Tødenes, Avdelingsleiar, 480 97 859, siv.todenes@stad.kommune.no

Heidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no

Arbeidsstad
Skulevegen 24

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5139727892

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.07.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav