M
Sjukepleiar
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
ÅLESUND Fast July 5, 2026
Job description

Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar.

Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!

Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr

Vi har ledig:

1 x 100 % fast stilling

1 x 83 % fast stilling

Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale.
Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Om ønskeleg kan det for tida vere moglegheit for rein nattevaktstilling.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane.

Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve.

Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar.

Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik.

Rettleiing av studentar og kollegaer.

Samhandling med kommunar.

Kontinuerlig forbetringsarbeid.

Kvalifikasjonar

Du har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar.

3.års sjukepleiarstudentar kan også søkje og bli vurdert

Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2.

Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav.

Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet.

Personlege eigenskapar

Du er ansvarsbevisst og strukturert

Du har eit fagleg engasjement

Du viser fleksibilitet og evne til omstilling

Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig

Du har gode kommunikasjonsferdigheiter

Du er positiv og har gode haldningar

Du er pasientorientert

Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

Sterkt tverrfagleg samarbeid

Ein inkluderande arbeidsplass

Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året

Løn etter gjeldande overeinskomstar

Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, Ellen.I.Lagabo.Molnes@helse-mr.no
Kjersti Ulset Lade, Konst. seksjonsleiar, kjersti.ulset.lade@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5149368716
Stillingsprosent: 100, 83%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav