M
Sjøvakt 1:2 / 2:4 på Hufthamar - Krokeide
Maritim Drift, Fjord1 AS
FANA Fast June 18, 2026
Job description

Fjord1 søker no matros til sambandet Hufthamar–Krokeide, der du får jobbe om bord på vår moderne elektriske ferje MF Møkstrafjord.

I denne stillinga arbeider du 1 veke på og 2 veker fri i vinterhalvåret, og 2 veker på og 4 veker fri i sommarhalvåret. Du bur om bord i arbeidsperioden, og reisekostnader til og frå arbeidsstaden vert dekt.

Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.

Vi tilbyr gode ordningar og legg til rette for utvikling for deg som ønskjer å ta steget vidare.

Reisetida mellom Bergen og Krokeide er om lag 25 minutter.

Vi ansetter fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord

Alterneringsplikt mellom dekk og maskin

Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna

Oppgåver knytt til alarminstruks

Verne- og miljøarbeid

Kundehandsaming

Kvalifikasjonar

Ferdigheitssertifikat matros eller nødvendig fartstid for å kunne tjenestegjere som matros

Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring

Krise- og passasjerhandterings kurs

Gyldig helseerklæring

Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig

Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.

Vi tilbyr

Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk sjøforbund.

Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap.

Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.

Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar.

Sjøvakt: 1 veke på og 2 veker fri vinterhalvåret. 2 veker på og 4 veker fri sommerhalvåret.

Ein bur om bord i arbeidsperiode.

Reisekostnadar til og frå arbeid dekkast av rederiet.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted

5244 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5147878396
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.06.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav