Vayme
S

Seniorrådgjevar/prosjektleiar

Skyss

BERGEN Fast July 6, 2026

Job description

Ønsker du å påverke framtidas mobilitetsløysingar i Vestland og fylle kvardagen med samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver? Då er dette jobben for deg. Skyss jobbar aktivt med å tilby våre kundar eit godt og berekraftig reisetilbod med buss, bybane, båt og ferje i Vestland, og tenestene vert utført av operatørselskap som Skyss har avtale med.

Vi har no ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar/prosjektleiar. Stillinga inneber mellom anna å ha prosessansvar for transportanskaffingar i Skyss.

Arbeidsoppgåver

Vår nye seniorrådgjevar/prosjektleiar vil spele ei sentral rolle i å realisere Skyss sine strategiar. Hovudvekta av arbeidet vil vere prosjektleiing, ved anskaffingar av tenestekontraktar for buss, båt og ferje. Anskaffingsprosjekta i Skyss er ofte langvarige og komplekse og krev tydeleg prosessleiing og god samhandling med ulike kompetansemiljø. Ein vesentleg del av rolla er planlegging av aktivitetar og koordinering av dei ulike fagavdelingane som bidreg inn i prosjekta. Vidare vil du utarbeide konkurransegrunnlag, sikre nødvendige strategiske avklaringar og politisk forankring, samt gjennomføre marknadsdialog og delta aktivt i bransjesamarbeid.

Resultatet av arbeidet er kontraktar som sikrar innbyggjarane i Vestland berekraftige transporttenester av høg kvalitet.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Vi søker deg

med høgare relevant utdanning på masternivå – som kan vise til gode resultat i utdanning og arbeid

med erfaring innan prosjekt- /prosessleiing av komplekse prosjekt

med kompetanse og erfaring innan offentlege anskaffingar

Det er ein fordel om du kan vise til

sertifisering innan prosjektleiing

kontraktskompetanse

juridisk kompetanse

Vi ser etter deg som har evne til å omsette strategiske mål til konkrete aktivitetar og resultat, både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må ha evne til å leie kunnskapsmedarbeidarar innanfor ulike fagfelt, og sjå samanhengane mellom fagfelta i ein større heilskap. Du handterer krevjande situasjonar med godt pågangsmot, og tek nødvendige avgjerder som fører prosjektet vidare, innanfor rammene av mandatet ditt og ofte innan korte tidsfristar. Du må stå stødig i hektiske periodar og pårekne noko arbeid utover normal arbeidstid i periodar. I denne rolla vil du få høve til å ta ansvar og bidra aktivt, i eit miljø prega av tillitt og samarbeid.

Du må i tillegg ha sterk formidlingsevne, skriftleg og munnleg, og aktivt bruke dine relasjonelle eigenskapar til å skape positive prosessar og samarbeid – både eksternt og internt. I tillegg må du vere strukturert, open, fleksibel og engasjert. Du bør også ha interesse for politiske prosessar. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i denne stillinga.

Hos oss i Skyss  er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland!

Vi tilbyr:

Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad

Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer som har brei og variert fagbakgrunn

Ein sosial og inkluderande arbeidsplass

Moglegheit til å bygge nettverk og utvikle seg fagleg

Fleksibel arbeidstidsordning og høve til delvis heimekontor

Løn etter avtale

Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon
Karl Inge Nygård, leiar, 93088971

Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22
5020 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5151579946
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.