S
Seksjonsleiar
Serviceseksjon Nordfjord, Helse Førde
NORDFJORDEID Fast July 6, 2026
Job description

Vil du vere med og forme framtidas sekretærtenester i Helse Førde?

Då kan stillinga som seksjonsleiar ved Serviceseksjon Nordfjord vere noko for deg.

Serviceseksjon Nordfjord leverer sekretærteneste til skadepoliklinikken, medisinsk avdeling og radiologisk avdeling. Seksjonen har ansvar for pasientadministrative oppgåver, mellom anna innkalling av pasientar, registreriing, telefoni, betaling og skriveteneste. I tillegg har seksjonen ansvar for sentralbord og ID-kort ved Nordfjord sjukehus.

Som seksjonsleiar blir du ein viktig del av den lokale leiargruppa ved Nordfjord sjukehus og medlem i sjukehuset si beredskapsleiing. Det er jamlege møtepunkt og tett samarbeid med dei andre leiarane ved sjukehuset. Du blir òg ein del av leiarteamet i Avdeling for medisinsk sekretærteneste.

Sekretærtenesta er eit fagområde i stadig utvikling. Nye arbeidsformer og innføring av teknologi skapar nye moglegheiter og endrar måten vi arbeider på. Vi søkjer deg som er framtidsretta og ønskjer å vere med på å utvikle og styrkje sekretærtenestene i Helse Førde.

Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her finn du gode barnehage- og skuletilbod, eit rikt fritids- og kulturtilbod og flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt. Det er òg kort veg til flyplass.

Sjå videoen der Marielle fortel om kvardagen som helsesekretær, og kva som gjer jobben hennar meiningsfull og verdifull.

Vi ser fram til å motta søknaden din.

Arbeidsoppgåver

Personal, fag og økonomiansvar

Deltaking i prosjekt

Medlem i lokal beredskapsleiing

Vere innstilt på å Jobbe i drift som sekretær ved behov

Kvalifikasjonar

Krav:

Erfaring med leiing og personalansvar, eventuelt prosjektleiing

Helsesekretærutdanning eller anna relevant utdanning og erfaring

God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Ønskje:

Erfaring som sekretær ved sjukehus/poliklinikk

Kunnskap om pasientdatassytema vi brukar; Dips Arena og Sectra

Personlege eigenskapar

Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer og andre samarbeidspartnarar

Du arbeider godt både sjøvstendig og i team

Du har engasjement og pådrivarvilje

Du er framtidsretta og har endringsvilje/evne

Du arbeider målretta og strukturert

Vi tilbyr

Løn etter avtale

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Opplæring

Leiarutviklingsprogram tilpassa leiarar i Helse Førde

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Hanne Irene Emberland Bildøy, Avdelingssjef, (+47) 578 31 325

Arbeidssted
Sjukehusvegen 13

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5151590025

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 14.09.2026

Søknadsfrist: 09.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav