M
Rådgjevar/Spesialkonsulent
Mobilitet og kollektivtransport, Stab og forvaltning, Vestland fylkeskommune
LEIKANGER Fast July 5, 2026
Job description

Vil du gjere ein reell forskjell for folk som treng det mest?

For oss handlar transport om fridom

Nokre tek det for gitt å kunne reise dit dei vil, når dei vil. For mange av dei vi hjelper, er det ikkje slik. Som rådgjevar i tilrettelagt transport blir du ein nøkkelperson for menneske med nedsett funksjonsevne – folk som er avhengige av at nokon ser, forstår og handterer saka deira med både fagleg skjønn og menneskelegheit.

Om oss

Vestland fylkeskommune forvaltar viktige samfunnsoppgåver, og spelar ei sentral rolle i utviklinga av regionen. Avdeling for mobilitet og kollektivtransport (MOK) har det overordna ansvaret for å utvikle eit framtidsretta, miljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod for innbyggjarane i Vestland fylke.

Hos oss møtest jus, samfunnsoppdrag og praktisk forvaltning - og kvardagen er alt anna enn einsformig. Vi har no ein ledig stilling og ser etter ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som vil vere med å gjere ein forskjell - kvar einaste dag.

Arbeidsoppgåver

Som rådgjevar hos oss vil sentrale arbeidsoppgåver vere mellom anna:

Saksbehandling – Du vurderer søknader om tilrettelagt transport grundig og heilskapleg, basert på søknad, eigenerklæring og legeerklæring

Kundekontakt – Du er ein trygg og hyggeleg stemme i telefonen for søkarar som treng rettleiing og svar

Individuelle vurderingar – Kvar sak er unik. Du ser mennesket bak papira og gjer faglege vurderingar med varsemd og integritet

Tverrfagleg samarbeid – Du jobbar saman med engasjerte kollegaer i eit fagmiljø som set brukarane i sentrum

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har

mastergrad innanfor administrasjon, samfunnsfag, helse eller liknande relevante fagfelt. Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad, men med bachelorgrad kan også bli vurderte. Då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonar.

gode norskkunnskapar og sterk skriftleg og munnleg framstillingsevne – du formulerer deg presist og forståeleg

solid digital kompetanse og er komfortabel med å setje deg inn i nye system og verktøy

Dette er ein fordel, men ikkje eit krav

erfaring frå saksbehandling, kundekontakt eller helse-/sosialteneste

Kjennskap til forvaltningslova

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

lyttar godt og kommuniserer tydeleg – du finn dei rette orda, anten det er i ein vanskeleg telefonsamtale eller i eit skriftleg vedtak

trivst med komplekse saker der skjønn og fagleg vurdering tel meir enn ein fasit

er nysgjerrig og lærevillig – du set deg raskt inn i nytt regelverk, nye rutinar og nye situasjonar utan å miste oversikta

møter kvart menneske med respekt og verdighet, uavhengig av bakgrunn og livssituasjon

er ein god lagspelar, men er samstundes trygg nok til å stå for eigne faglege vurderingar

Du kjenner deg att i verdiane våre: open, kompetent og modig. Hos oss er det lov å stille spørsmål, prøve nye løysingar – og lære av dei gongene det ikkje gjekk heilt som planlagt

Vi tilbyr

Hos oss kjem du inn i eit sterkt engasjert fagmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling. I tillegg tilbyr vi:

Ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag

Fleksibel arbeidstidsordning med moglegheit for delvis heimekontor

Gode moglegheiter for fagleg utvikling

Løn etter avtale

Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsstad Leikanger

Kontaktinformasjon
Janne Dokken, seksjonssjef, 95089918

Arbeidsstad
Askedalen 3

6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5151901094

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 09.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav