Vayme
P

Rådgjevar plan

Plan, Bygland Kommune

BYGLAND Fast July 8, 2026

Job description

Vil du vere med og forme Bygland kommune?

Kommunalområdet Samfunn i Bygland kommune omfattar om lag 20 årsverk og har ansvar for plan, byggjesak, oppmåling, teknisk drift, landbruk, næring samt drift (vedlikehald og reinhald). Samfunnsavdelinga er nyleg omorganisert, og vi legg stor vekt på teambasert arbeid og samarbeid på tvers av fagområde. Du må trivast med utfordringar og ansvar, vere lærevillig og ha god arbeidskapasitet.

Fleire kommunar, deriblant Bygland kommune, vurderer å opprette eit felles plankontor. Dersom dette blir vedteke, kan det føre til endringar i stillinga.

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk rådgjevar innan plan.

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende og gode høve til å påverke. Du vil arbeide med heile planprosessen, frå kontakt med grunneigarar og samspel med politisk nivå, til gode interne prosessar i Samfunnsavdelinga og elles i kommunen. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna å skrive føresegner, utarbeide plankart ved hjelp av kommunen si programvare, samt å forstå samanhengen mellom planlegging og anna relevant lovverk.

Vi ber alle søkjarar leggje ved dokumentasjon på utdanning, attestar og vitnemål i søknaden. Dokumentasjonen vert brukt til å stadfeste kvalifikasjonane som går fram av CV, og ved lønsfastsetjing.

Opplysningar om søkjarar kan verte gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om fritak frå offentlegheit. Dersom fritak ikkje kan innvilgast, vil søkjaren verte varsla (jf. offentleglova § 25).

Arbeidsoppgaver

Planarbeid, mellom anna oppfølging av reguleringsplanar, kommuneplan og temaplanar.

Nokre byggje- og delingssaker etter plan- og bygningslova.

Rettleiing til innbyggjarar, utbyggjarar og samarbeidspartnarar.

Forvalting og utvikling av kart og geodata (GIS).

Bidrag i tverrfaglege oppgåver og prosjekt innan kommunalområde samfunnsutvikling.

Kvalifikasjoner

Høgare utdanning på minimum bachelornivå innen: arealplanlegging, by- og regionplanlegging, samfunnsplanlegging, fysisk planlegging.
eller anna relevant høgare utdanning.

God kjennskap til plan- og bygningslova.

Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye system.

Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Førarkort klasse B.

Det er ønskjeleg med:

Erfaring frå arbeid med heile planprosessen.

Det er ein fordel med røynsle i bruk av GIS-, kart- og arealverktøy.

Kjennskap til areal- og klimarekneskap, samt relevante natur- og miljødatabasar.

Kunnskap om offentleg forvaltning.

Personlige egenskaper

Er samfunnsengasjert og har interesse for samfunnsutvikling.

Arbeider effektivt og tek ansvar for framdrift i eigne arbeidsoppgåver.

Kommuniserer tydeleg og har gode formidlingsevner i dialog med innbyggjarar, politikarar, næringsliv og kollegaer.

Er løysingsorientert, nysgjerrig og set deg raskt inn i nye problemstillingar.

Har blikk for både detaljar og heilskap, og tenkjer både praktisk og strategisk.

Vi tilbyr

Ei spennande og variert stilling der du får nytte heile breidda av planfaget.

Eit godt fagmiljø med dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.

Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar i KLP.

Varierte, utfordrande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver med stor påverknadskraft.

Gode moglegheiter for fagleg utvikling i ein kommune som har som mål å vere framoverlent og handlekraftig.

Kort veg mellom plan og avgjerd, med reell moglegheit til å påverke.

Eit godt og sosialt arbeidsmiljø.

Fleksibel arbeidstid og fleksitidsordning, med moglegheit for noko heimekontor.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Løn etter avtale.

Kontaktinformasjon
Aslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675

Arbeidssted
Sentrum 18
4745 Bygland

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland Kommune

Referansenr.: 5154801712
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.