Job description
Vil du vere med og utvikle ei framtidsretta helse- og omsorgsteneste i kommunen?
Vi søkjer ein engasjert og strukturert rådgjevar til sektor helse og omsorg. Stillinga er nyoppretta og har ei sektorovergripande rolle, med mål om å støtte leiarar og bidra til heilskapleg utvikling av tenestene.

Arbeidsoppgåver

Gi råd og fagleg støtte til leiarar i sektor helse og omsorg

Koordinere prosjekt- og utviklingsarbeid på tvers av avdelingane

Utgreiings-, rapporterings- og sakshandsamingsoppgåver

Arbeid med kvalitetssystem, internkontroll og oppfølging av lov- og avtaleverk

Ha ei viktig rolle i økonomisk forvaltning av felles budsjettpostar i sektoren

Utarbeide høyringsuttalar og faglege innspel ved behov

Ta i bruk digital kompetanse og bidra i endrings- og utviklingsarbeid, mellom anna innan bruk av nye digitale løysingar og KI

Oppgåvene i stillinga vil kunne endre seg over tid, i takt med behov i sektoren.

Kvalifikasjonar

Høgare helse- og sosialfagleg utdanning, minimum bachelor.

Erfaring frå helse- og omsorgstenester, gjerne frå kommune

Erfaring frå kvalitets- og utviklingsarbeid, utgreiing og/eller sakshandsaming

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk

Personlege eigenskapar

Strukturert og sjølvstendig

Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Analytisk og løysingsorientert

Evne til å arbeide på tvers av fagmiljø og organisasjonsnivå

Vi tilbyr

Ei nyoppretta, spanande og meiningsfull stilling i ein sektor i utvikling

Moglegheit til å påverke og bidra til heilskaplege løysingar

Godt fagmiljø og tett samarbeid med leiarar

Løn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk

Kontaktinformasjon
Elin Høydal Vatne, Avd.l helse- og forvaltning, +47 91555970, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no

Arbeidsstad
Stormyra 2

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5156585480

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav