Vayme
V

Rådgjevar Eigedom

Voss herad Bygg og eigedom

VOSS Fast July 6, 2026

Job description

Me har ledig 100 % fast stilling som Rådgjevar Eigedom med oppstart så snart som råd. Stillinga er plassert i kommunalavdeling for Samfunnsutvikling og Kultur.

Innhald i stillinga:

Rådgjevar Eigedom i Voss herad skal bidra til å utvikle og forvalte ein framtidsretta eigedomsportefølje som støttar heradet sine mål for samfunns- og tenesteutvikling. Stillinga har ei sentral rolle i å identifisere moglegheiter, greie ut utviklingsprosjekt og omsetje eigedomsstrategien til konkrete tiltak.

Rådgjevaren skal vere ein pådrivar for utvikling av eigedomsporteføljen, effektiv arealbruk, verdiskaping og berekraftige løysingar, og bidra til å utvikle eigedom som eit strategisk verkemiddel for Voss herad. Stillinga omfattar òg ansvar for forvaltning av eigedomsporteføljen, mellom anna utvikling og oppfølging av leige- og bruksavtalar, kontraktsforhandlingar, fakturering og systematisk gjennomgang av eigedomsmassen. Vidare inngår handsaming av juridiske og eigedomsfaglege problemstillingar knytt til eigedomsgrenser, hefter, kontraktsvilkår, reguleringsplanar, utbyggingsavtalar og anna relevant lovverk.

Me ynskjer at du har:

Høgare utdanning innan relevante fagområde, som eigedomsforvaltning, juss, ingeniørfag eller liknande. Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning.

Erfaring eller kjennskap til offentleg forvaltning og tilhøyrande regelverk.

Gode ferdigheiter i både skriftleg og munnleg norsk-

God digital kompetanse, gjerne motivasjon for å ta i bruk nye digitale løysingar/verktøy

Førarkort klasse B

Me ynskjer at du er:

Ein lagspelar med evne til å skapa tillit og fremje positive samarbeid, både internt og eksternt.

Motiverande og engasjert, og triggast av samarbeid, kommunikasjon og utvikling av gode relasjonar.

Systematisk og strukturert, med fokus på kvalitet i arbeidsprosessar og gjennomføring av oppgåver.

Me er opptekne av å bygga gode lag. Personlege eigenskapar er viktig for oss og vert tillagt vekt.

Me tilbyr:

Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø der me oppmuntrar til samarbeid og gjensidig vekst.

Eit arbeidsfellesskap som er engasjert i innovasjon, utvikling og implementering av nye løysingar for å møte framtidas utfordringar.

God tilrettelegging for fagleg og personleg utvikling, inkludert moglegheit for deltaking på kurs, nettverksbygging og kontinuerleg læring.

Fleksibilitet til å påverka sjølve stillinga og arbeidsdagen, slik at du kan forme ei arbeidskvardag som passar deg.

Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med deltaking i spennande prosjekt som utviklar både fagkompetanse og problemløysingsevner.

Fleksitid som gir god balanse mellom arbeid og fritid.

Løn etter kommunalt avtaleverk, samt konkurransedyktige forsikrings- og pensjonsordningar.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, der våre tilsette reflekterer breidda i samfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn, etnisk bakgrunn eller kulturell erfaring.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentligheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.