U
Rådgivar - digitalisering og utvikling
Ulstein kommune
ULSTEINVIK Fast July 2, 2026
Job description

Vil du vere med og gjere teknologi nyttig i kvardagen til tilsette, leiarar og innbyggjarar?

Ulstein kommune søkjer ein rådgivar innan digitalisering og utvikling som vil vere med å skape betre arbeidsprosessar og tenester ved smart bruk av teknologi. Stillinga skal styrke kommunen si evne til å ta i bruk digitalisering, kunstig intelligens og automatisering på ein trygg og målretta måte.
Du vil vere kommunen sitt bindeledd mot vårt IT-selskap, SSIKT, og bidra til å omsetje behov til gode digitale løysingar – frå behovsavklaring og prioritering til innføring, opplæring og gevinstrealisering.
Vi ønskjer ein person som likar å prøve, teste, forklare og få ting til å verke i praksis.
Du må kunne snakke med både leiarar, fagfolk, leverandørar og tekniske miljø, og du klarer å omsetje idear til løysingar som blir tekne i bruk.

Arbeidsoppgåver

vere lokal pådrivar for digitalisering, kunstig intelligens, automatisering og tenesteutvikling.

fange opp behov i organisasjonen og omsetje dei til prioriterte og gjennomførbare tiltak.

koordinere og leie lokale IKT og digitaliseringsprosjekt i samarbeid med leiarar, fagmiljø og SSIKT.

ha oversikt over kommunen si lokale portefølje av digitale tiltak, med ansvar, framdrift, risiko, gevinstar og ressursbehov.

byggje kompetanse gjennom opplæring, rettleiing, malar og praktiske brukardøme.

vere kommunen sin lokale kontakt og koordineringsressurs mot SSIKT og relevante regionale og nasjonale digitaliseringsinitiativ.

støtte leiarar og fagmiljø i automatisering, trygg bruk av data, betre arbeidsflyt og meir effektiv ressursbruk.

bidra ved innkjøp og innføring av digitale løysingar, med merksemd på behov, informasjonssikkerheit, personvern, arkitektur og økonomi.

følgje opp nasjonale fellesløysingar og vurdere korleis dei kan nyttast betre lokalt.

Kvalifikasjonar

relevant utdanning eller dokumentert erfaring innan digitalisering, teknologi, organisasjonsutvikling, prosjektleiing, forvaltning eller tilsvarande

dokumentert kompetanse eller særleg sterk interesse for kunstig intelligens og digitale arbeidsformer

evne til å gjere teknologi forståeleg og nyttig for leiarar, fagmiljø og tilsette

god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk

erfaring frå digitaliseringsarbeid, automatisering, forbetringsarbeid, systemforvaltning, prosjektleiing eller utviklingsarbeid er ein fordel

kjennskap til informasjonssikkerheit, personvern, databehandlaravtalar og risikovurdering er ein fordel

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

er nysgjerrig, praktisk og løysingsorientert

likar å teste ut nye verktøy og vise andre korleis dei kan brukast

arbeider strukturert og har sterk gjennomføringsevne

bygger gode relasjonar og får folk med deg

forstår at digitalisering handlar like mykje om menneske, arbeidsprosessar og leiing som om teknologi

har god rolleforståing og evnar å balansere lokale behov med felles løysingar

Vi tilbyr

ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med digital utvikling og praktisk bruk av ny teknologi

høve til å påverke korleis Ulstein kommune brukar kunstig intelligens og digitale verktøy i kvardagen

varierte oppgåver i skjeringspunktet mellom teknologi, organisasjon og tenesteutvikling

tett samarbeid med leiarar, fagmiljø, SSIKT og regionale utviklingsmiljø

løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar

Ulstein kommune er ein framoverlent kommune med høge ambisjonar for tenestene, organisasjonen og lokalsamfunnet. Vi arbeider for å gi innbyggjarane gode tenester, sikre god styring og utvikle kommunen i lag med tilsette, folkevalde, innbyggjarar og samarbeidspartar.
Vi ønskjer søkjarar med ulik bakgrunn, kompetanse og erfaring. Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Jarl Martin Møller, Kommunedirektør, +47 97506761

Arbeidsstad

Sjøgata 63
6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein kommune

Referansenr.: 5152122182
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav