Vayme
H

Psykolog/Psykologspesialist

HAVO ambulant og poliklinikk, Helse Bergen HF, Rehabiliteringsklinikken

BREISTEIN Fast July 2, 2026

Job description

100% fast stilling som psykolog/psykologspesialist

Vi ser etter ein engasjert og dyktig psykolog som ønskjer å arbeide innan eit spennande og variert fagfelt.

Habiliteringavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenteret for habilitering og rehabilitering.

HAVO sine tenester er retta mot personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene. Ofte er utfordringane komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging.
HAVO har 6 psykologstillingar som har følgande spesialitetar: habilitering, klinisk vaksenpsykologi, helse, rus og avhengigheitspsykologi. For denne stillinga er det aktuelt med fleire spesialistar.
HAVO er samansett av fleire yrkesgrupper m.a.: Overlegar, psykologar, vernepleiarar, ergo- og fysioterapeutar, pedagogar og sekretærar.
Vi søker etter psykolog/psykologspesialist med interesse for og erfaring med fagfeltet.

Habiliteringsavdelinga er for tida lokalisert i Olav Bjordals veg 29, på Breistein i Åsane. Det er gode høve for parkering. Det er planlagd flytting til Nordås høsten 2028 for samlokalisering med øvrige eininger i klinikken.

Tilsetjingsdato er fra snarest eller etter nærare avtale.

Sjå elles våre internettsider: Les meir

Arbeidsoppgåver

Utgreiing og diagnostisering

Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar

Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid

Bidra i fagutvikling

Kurs, undervising og pasientopplæring internt og eksternt

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som psykolog

Gode skriftlige og muntlige norskkunnskaper (B2-nivå)

Kjennskap til og interesse for fagfeltet

Erfaring med utgreiing og testing er ein fordel

God muntleg og skriftleg evne til kommunikasjon

Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt

Personlege eigenskapar

Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Tilpasningsdyktig

Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig

Trivsel med tverrfagleg samarbeid

Engasjement for faget og interesse for pasientgruppa

Vi tilbyr deg

Spennande utfordringar og oppgåver

Tverrfaglege og kompetent medarbeidarar

Opplæring og rettleiing

Eit robust og triveleg arbeidsmiljø

Fleksitidsavtale

Veiledning og kurs for spesialistutdanning

Gode pensjonsordningar

Politiattest må leggast fram ved tilsetjing

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Beate Kristin Lilleheil, Seksjonsleiar, +47 95197626

Arbeidsstad

Olav Bjordals veg 29
5111 Breistein

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5147034904
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.