F
Psykiatrisk sjukepleiar
FACT DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
SKODJE Fast June 9, 2026
Job description

Vi har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og/eller rusbehandling.

Stillinga inngår i eit arbeidsfellesskap saman med andre spesialsjukepleiarar, psykiatrar, psykologspesialistar med fleire.

FACT DPS Ålesund er ein del av DPS Sunnmøre. Vi gir tilbod om utgreiing og behandling i pasienten sitt heimemiljø. Vi har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga og legg vekt på tett samarbeid med pasient, pårørande og kommunale tenester.

Vi har kontor på Digernes Næringsområde i Ålesund kommune og tilbyr ambulante spesialisthelsetenester på Nordre Sunnmøre. Som ein del av distriktspsykiatrien reiser vi rundt frå Geiranger i søraust til Ona i nord og Alnes i vest. Dei to teama i seksjonen dekker kvar sitt geografiske område som til saman omfattar vel 100.000 innbyggarar fordelt på sju kommunar.

Arbeidsoppgåver

Utgreiing og behandling innan psykisk helse og rus

Tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt

Fagleg utviklingsarbeid og rettleiing

Kvalifikasjonar

Norsk autoriasjon som sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus

Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus og/eller ambulante tenester er ønskjeleg

Førarkort klasse B

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Personlege eigenskapar

Du har gode evner til kommunikasjon og etablering av terapeutiske relasjonar

Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team og er innstilt på å samarbeide på tvers av faggrupper, til pasientens sitt beste

Du har ei positiv, deltakande og fleksibel haldning

Vi tilbyr

Varierte og interessante arbeidsoppgåver

Faglege utfordringar og tilrettelegging for fagleg utvikling

Eit fagmiljø med engasjerte og trivelege medarbeidarar

Sterkt tverrfagleg samarbeid

Ein inkluderande arbeidsplass

Løn etter gjeldande overeinskomstar

FACT - tillegg

Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon
Ronald Longva, Seksjonsleiar, +47 70173190, Ronald.Longva@helse-mr.no

Arbeidssted
Digernes Næringsområde 9

6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5141206937

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 24.06.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav