Vayme
E

Prosjektleiar tunnel - Bybanen Utbygging

EIU- Forvaltning, Vestland fylkeskommune

BERGEN Fast July 2, 2026

Job description

Bybanen er ryggrada i kollektivsystemet i Bergen og ei sentral drivkraft i utviklinga av byen. No søkjer vi ein erfaren prosjektleiar som vil vere med på å realisere byggetrinn 5, Bybanen til Åsane, og andre spennande oppgåver i Bybanen Utbygging. Stillinga ligg til seksjonen Bybanen Utbygging, som er ein del av avdelinga Eigedom og utbygging i Vestland fylkeskommune. Dette er stillinga for deg som trivest med å arbeide med komplekse løysingar, arbeide integrert med fagmiljø i avdelinga og bidra til løysingar som set varige spor i Bergen. Arbeidsstad er Vestlandshuset, eit topp moderne kontorlokale midt i Bergen sentrum.

Arbeidsoppgåver
Dette er ei nøkkelrolle i arbeidet med å leie og førebu bygging av dei komande tunnelentreprisane i prosjektet. Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i å drive fram entreprisar frå prosjektering til ferdigstilling. Du får ansvar for å leie arbeidet frå innkjøpsfase til ferdigstilling av entreprisar og overlevering til eigar. Du vil være en bidragsytar inn i strategiarbeidet for byggetrinn 5 og ha ei sentral rolle i prosjektleiinga til seksjonen.
Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har lang erfaring frå samferdselsprosjekt, og som forstår kva som skal til for å få komplekse prosjekt trygt frå plan til ferdigstilling. Vi ønskjer at du har:

Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå, som ingeniør eller sivilingeniør innan anleggstekniske fag

Erfaring som prosjektleiar, byggjeleiar, anleggsleiar eller tilsvarande

God forståing for anleggsgjennomføring

Erfaring med handtering av kontraktar, entreprisar og oppfølging av eksterne leverandørar

God innsikt i HMS-, framdrifts-, økonomi-, kvalitets- og risikostyring.

God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Relevant erfaring frå tunnelbygging, underjordiske anlegg, større samferdselsprosjekt eller liknande kan kompensere for delar av utdanningskravet.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

Har gode samarbeidsevne og like å jobba i eit innovativt miljø

Kan kommunisera munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Arbeider strukturert og tek ansvar for framdrift og kvalitet

Kommuniserer tydeleg, tek initiativ og bidreg til eit godt samarbeid

Evnar å sjå både heilskap og detaljar, og motiverast av å utvikla gode løysingar saman med andre

Kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig

Vi tilbyr

Du får ein sentral rolle i eit av dei mest spennande samferdselsprosjekta i Bergen, på Vestlandet og Norge. Bidraget ditt er med å utvikle Bergen, samtidig som du blir del av eit sterkt prosjektmiljø i Vestland fylkeskommune. Vi tilbyr mellom anna:

Ei leiande nøkkelrolle i prosjektet

Store faglege utfordringar og reell påverknad

Eit kompetent og engasjert prosjektmiljø

Moderne kontorlokale med eige treningsrom og sykkelgarasje med garderobar

Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor[SK1]

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Ordningar for fagleg utvikling og kompetansebygging

Deltaking på fagmesser og i bransjesamarbeid

Kontaktinformasjon
Arve Tjønn Rinde, prosjektdirektør, +47 93031874

Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5148799784
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.