Vayme
U

Postdoktor (3 stillingar) ved Det medisinske fakultet

Universitetet i Bergen

BERGEN Åremål July 7, 2026

Job description

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Postdoktor (3 stillingar)

Ved Det medisinske fakultet er det ledig tre (3) opne stillingar som postdoktor frå februar 2027.

Tilsetjinga gjeld for ein periode på tre (3) år i 100 % stilling.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Postdoktoren kan verte pålagt pliktarbeid ved instituttet eller fakultetet. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing alt etter behovet ved instituttet, og knytt til fakultetet si Forskarline eller ved grunnkurset MEDMET for ph.d.-kandidatar. Undervisningsspråket på grunnutdanningane er til vanleg norsk, men på ph.d. utdanninga er det engelsk.

Stillingane vil bli knytt opp mot det instituttet det er naturleg at prosjektet til søkjaren høyrer til, og arbeidsstaden skal i hovudsak vere ved fakultetet. For at søknaden skal verte vurdert, må kandidaten byte forskingsmiljø frå der ph.d. arbeidet vart gjennomført.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen er ute. Disputas må vere gjennomført og godkjend på tilsetjingstidspunktet

God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav

Vurdering av søknad:

Søknadane blir vurderte ut frå følgjande kriterium:

Kandidat: Søkjaren sin kompetanse og relevante faglege aktivitet. Utanlandsopphald i postdoktorperioden tel positivt ved vurderinga.

Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, og om det kan gjennomførast innafor rammene for ei postdoktorstilling.

Forskingsmiljø: Miljøet si evne til å utvikle kandidaten og relevant forskingsaktivitet.

Retningslinjer for vurdering av kandidat, prosjekt og forskingsmiljø finn du her.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan difor ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved UiB.

Åremålsperioden for stillinga er tre (3) år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet på minst 6 månadar inngår i perioden. Forskingsopphaldet i utlandet kan gjerne vere lengre enn eit (1) år så lenge total tilsetjingsperiode ikkje er meir enn fire (4) år. Forskingsopphaldet i utlandet må vere avslutta minst 6 månadar før postdoktorperioden avsluttast.

Vi tilbyr:

Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø

Løn for tida kr 690 000 (kode 1352) i lønsregulativet i staten for søkjar med profesjonsstudie i medisin og odontologi  er løn for tida kr 700 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 725 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet).

Gode velferdsordningar, inkludert pensjonssparing i statens pensjonskasse, yrkesskadeforsikring, full løn under sjukefråvær i 52 veker og betalt foreldrepermisjon

Trening i arbeidstid

Norskkurs utan kostnad.

Fleksible arbeidsordningar, tilgang til ulike permisjonsordningar og eit støttande og trygt arbeidsmiljø som legg til rette for ein god balanse mellom arbeid og fritid

Søknaden skal innehalde føljande nummererte vedlegg:

Frå kandidaten:

1. Søknadsbrev. Søknadsbrevet skal innehalde tittel på prosjektet og namn på mentor, forskingsgruppe og instituttet der prosjektet skal gjennomførast. I søknadsbrevet skal det greiast ut om søkjars motivasjon for postdoktorprosjektet og ei framtidig vitskapeleg karriere, og det skal innehalde ein plan for karriereutvikling.

2. Prosjektskisse på maksimalt seks sider, inkludert samandrag og referansar etter mal.

3. CV: (maksimalt 3 sider) etter mal.

4. Liste over publikasjonar og vitskaplege arbeid (PDF) med en kort beskriving av innhald og eiget bidrag for kvart arbeid.

5. Karakterutskrifter, vitnemål og attestar (PDF). Dersom disputas ikkje er gjennomført skal stadfesta godkjenning av avhandling leggast ved.

6. Doktorgradsavhandling (PDF).

7. Invitasjon frå utanlandsk institusjon dersom aktuelt.

8. Eventuelle andre vedlegg.

Frå mentoren:

1. Mentorerklæring. I mentorerklæringa skal det komme frem kvifor kandidaten har potensiale for ei framtidig akademisk karriere, og det skal greiast ut om korleis mentor og forskingsmiljøet skal legge til rette for at kandidaten kan utvikle sjølvstendigheit med mål om ei framtidig akademisk karriere. Merk at berre ein søknad frå kvar mentor vil bli vurdert.

2. Mentor sin CV (maks 3 sider) etter mal.

3. Kandidatproduksjon. Mentor sin rettleiarerfaring (master- og ph.d.). Dokumentet skal også innehalde ei oversikt med namn og startdato og forventa sluttdato på ph.d.- og postdoktorkandidatar som du er med- eller er hovudrettleiar/mentor for og som er finansiert av Det medisinske fakultet. Dersom du ikkje er rettleiar eller mentor for tida, må du opplyse om det. Det er etablert retningslinjer for kor mange kandidatar ein person kan rettleie samtidig av fakultetet sine rekrutteringsstillingar. r ein person kan rettleie samstundes. (maksimalt 4 stipendiater og postdoktorar finansiert av Det medisinske fakultet). Mentor må ha hovudstilling ved Det medisinske fakultet i heile prosjektperioden. Unntak kan bli gjort for personar som har bistilling ved fakultetet og hovudstilling i helseføretak i Helse Vest, i NORCE eller i primærhelsetenesta på Vestlandet.

4. Publikasjonsliste siste 7 år

5. Omtale av forskingsmiljøet (opp til 1 side)

Vi gjer merksam på at vi ikkje vil vurdere søknaden dersom vedlegg eller vesentlege opplysningar frå kandidat eller mentor manglar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til. Fellesutlysning ved Det Medisinske fakultet

Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.