Vayme
K

Overlege

Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Lokal sikkerheitsavdeling (LS), Helse Bergen HF

BERGEN Fast June 8, 2026

Job description

Vi søkjer Overlege ved Lokal Sikkerhetsavdeling (LS)

Vi søkjer no ein ny kollega som vil vere med å vidareutvikle eit heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod for ei kompleks pasientgruppe ved vår Lokale sikkerheitsavdeling. Klinikken er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen og består i dag av seks seksjonar: Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Lokal sikkerheitsavdeling (LS), Lokal sikkerheit rehabilitering ( LSR), Fengselshelsetenesta, Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri, og Sikkerheitspoliklinikken.

Arbeidet i klinikken er prega av tett tverrfagleg samarbeid, med tid til rettleiing, faglege diskusjonar og fordjuping i pasientarbeidet. Vi legg stor vekt på langsiktige relasjonar og stabilitet i behandlinga.

Gjennom Program for psykisk helsevern for framtida vil Klinikk sikkerheitspsykiatri bli ein del av Nye Sandviken. Formålet er å skape eit nytt kapittel, der vi skal utvikle eit langsiktig og heilskapleg tilbod for pasientar med samansette behov.

I åra som kjem vil vi arbeide for større differensiering av sengepostane og meir samanhengande pasientforløp. Dette er ei unik moglegheit til å vere med og forme framtida innan lokal sikkerheitspsykiatri i Helse Bergen.

Vi har no ledig ei 100% fast stilling som overlege ved Lokal sikkerheitsavdeling. Sengeposten tar imot pasientar med alvorlege psykiske lidingar og høg risiko for vald, ofte i kombinasjon med personlegdomsforstyrringar og rusproblematikk. Overlegen vil vere sentral i vidareutviklinga og ombygginga av det lokale sikkerheitstilbodet i Helse Bergen.

Arbeidsoppgåver

Fagleg ansvar for pasientar ved Lokal sikkerheitsavdeling

Deltaking i inntaksteamet på Lokalt sikkerheitsnivå

Klinisk verksemd med utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar, valdsrisikovurderingar og handtering

Gje rettleiing til øvrig personell, kommune og andre samarbeidspartnarar

Delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken, samt på tvers i divisjonen

Det kan bli aktuelt å påta seg behandlingsansvar for pasientar i andre seksjonar i klinikken

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som lege med spesialitet innan psykiatri

Erfaring frå sikkerheitspsykiatri/rettspsykiatri og rehabilitering vil bli vektlagt

Interesse for organisasjonsutvikling og erfaring med implementering

Ønskeleg med interesse for sikkerheitspsykiatri

Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Evne og vilje til å gjennomføre heilskaplege sikkerheitspsykiatriske pasientforløp

Inkluderande samarbeidsstil

Bidrar positivt i arbeidsmiljøet

Trivst å arbeide i team og med ei krevande pasientgruppe

Gode kommunikasjonsevner

Personleg egnethet blir vektlagd ved tilsetting

Vi tilbyr

Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt med gode utviklingsmoglegheiter

Moglegheit for deltaking i interne og eksterne kurs/ konferansar

Godt fagmiljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Marthe Halvorsen Kjærstad, Konstituert Klinikkleiar, 90936016

Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5143385325
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.