H
Miljøterapeut - Eining for habilitering/rehabilitering
Habilitering rehabilitering, Stranda kommune
STRANDA Fast June 1, 2026
Job description

Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best mogleg funksjons- eller meistringsnivå. Eininga består av Langlobøen aktivitetssenter, 4 bufellesskap, avlastningstiltak, støttekontakter og ROP (rus og psykiatri)-teneste.

Vi har ledig i 100% fast stilling som miljøterapeut med arbeid i avlastning/ambulering frå 17.08.2026.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar,herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsettmå framvise politiattest av nyare dato.

Kvifor velge oss:

Varierte og spennande arbeidsoppgåver

Tverrfagleg arbeidsmiljø med trivlege og engasjerte kollegaer

Ein arbeidsplass under endring og utvikling

Vi vektlegg tryggleik, trivsel og høg kvalitet i tenestetilbodet

Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad

Internopplæring og faste fagmøter

Kvalifikasjonar

Krav om bachelor innanfor helse/sosialfagleg

Det er ønskjeleg med erfaring frå miljøterapi og ambulerande tenester

Det er ønskjeleg med erfaring i arbeid med autismespekterdiagnose

Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.

Førarkort kl. B og muligheit til å dispoenere eigen bil. Køyregodtgjersle etter Staten sitt regulativ.

Arbeidsoppgåver

Oppfølging av helsetenester og samarbeid med andre instansar

Miljøterapeutiske tenester til brukarar med samansatte behov

Kartlegging, utarbeiding og oppfølging av mål og tiltaksplanar for den enkelte brukar

Sikre kvalitet i tenesteytinga

Ha evne til å styrke brukarane si mestringsevne

Legemiddelhandtering i samsvar med lovverk og interne rutinar

Eininga nytta fagsystema Profil, Compilo og SamPro

Delta aktivt i fagutviklinga i eininga

Personlege eigenskapar

Du må kunne arbeide sjølvstendig og i team

Du er fleksibel og handterar at arbeidsdagen er uforutsigbar

Du har fokus på kvalitetsarbeid og utvikling av gode tenester

Omgjengeleg og serviceinnstilt

Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetting

Du er ein god rollemodell

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Kontaktinformasjon
Espen Furset, Avdelingsleiar, 46411075

Stine Fjørstad, Avdelingsleiar, 93474099

Helene Rimstad, Einingsleiar, +47 46411059

Arbeidsstad
Kyrkjegata 13

6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5138975872

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 17.08.2026

Søknadsfrist: 16.06.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav