B
Meistringsteamet terapeut (Psykisk helseteam)
Barn, familie og meistring, Stranda kommune
STRANDA Fast June 30, 2026
Job description

Her har du ein unik sjanse til å kombinere ei aktiv fritid med ein spennande arbeidskvardag i eit at Noregs flottaste naturområde!

Har du lyst til å vere med å vidareutvikle Meistringsteamet vårt (psykisk helseteam). Teamet vårt er på tilsaman 5 personar i 100% stillingar, der tre stillingar er retta inn mot vaksne og to stillingar er retta inn mot barn og unge.

Stillingane er lagt til eining for Barn, familie og meistring. I eininga ligg også helsestasjon, PPT Stranda og Fjord, barnevern Stranda og Fjord, Meistringsteamet (psykiatri/rusomsorg barn, unge og vaksne), innvandrar og flyktningtenesta og Frivilligsentral. Meistringteamet har tett samarbeid med andre kommunale tenester som Helsetenesta og eining for Habilitering/rehabilitering som har ansvar for ROP bustadar.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal leggast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver

Oppfølging av menneske med lettare til alvorlege psykiske og/eller rus lidingar.

Tverrfagleg samarbeid innad i kommunen og opp mot helseforetak.

Vidareutvikle tilbodet innan det førebyggjande
terapeutiske tenestetilbodet i kommunen.

Gruppetilbod.

Innandørs og utandørs aktivitetar med målgruppene.

Ein må pårekne noko ukurant arbeidstid.

Rettleiie andre tilsette og tenester i kommunen ved behov.

Kvalifikasjonar

Minimum 3. årig helse- og/ eller sosialfagleg høgskuleutdanning.

Erfaring frå arbeid innan psykiatri/rus og anna relevant erfaring.

Aktuelle terapeutiske metodar som f.eks. kognitiv terpapi, EFT, familieterapi, gestaltterapi, sjelesorg o.l. vert vektlagt.

God datakunnskap - avdelinga nyttar systema profil og sampro.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Søkjar må beherske muntlig og skriftleg norsk.

Førarkort for personbil.

Personlege eigenskapar

Du må vere påliteleg, initativrik, fleksibel, vere ein pådrivar, like å arbeide sjølvstendig og i gruppe, du er strukturert og har eit ynskje om stendig å tileigne deg ny kunnskap

Du har eit ynskje om å hjelpe våre brukarar til ein betre kvardag. Du er positiv, har godt humør og snur deg om på femøringen ved behov!

Vi tilbyr

Eit tverrfagleg fagmiljø.

Utfordrande og varierete arbeidsoppgåver.

Opplæring i ulike metodar til bruk i arbeidet.

Gode kollegar og samarbeidspartnerar.

Veiledning frå kommunepsykolog og fagleiar.

Kartleggingsverty.

Konkuransedyktig lønn.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste
tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg
tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide
og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko
uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige
betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Kontaktinformasjon
Aina Holmberg, Einingelsiar, 46411065, aina.holmberg@stranda.kommune.no

Camilla Roppestad Moen, Fagleiar , +4746411067, camilla.roppestad.moen@stranda.kommune.no

Arbeidsstad
Øyna 13

6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5150469258

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav