M
Maskinsjef - region Vestland
Maritim Drift, Fjord1 AS
HORDVIK Fast June 16, 2026
Job description

I denne stillinga vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov.

Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på 2 veker arbeid og 2 veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale.

Arbeidskvardagen blir
variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er
erfaren, dyktig og trygg i rolla som maskinsjef. Du må kunne tilpasse deg
endringar og nye situasjonar, og ha evna til å ta raske og gode avgjerder når
det trengst.

For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der
arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og
bustad.

Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande. Vi tilset fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.

Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Arbeidet omfattar opplæring, teknisk vedlikehald og dokumentasjon, forbrukskontroll, reinhald og brannførebygging, og blir utført i tråd med gjeldande stillingsinstruks.

Kvalifikasjonar

Minimum M3-sertifikat.

FSE e- læringskurs

Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.

Krise- og passasjerhandtering.

Gyldig helseerklæring.

Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er
ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner,
høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag
der endringar kan oppstå.

Vi tilbyr

Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.

Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap.

Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.

Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.

Skiftordning: 84t avtale, 2 veke på og 2 veker av.

Ein bur om bord når ein er på vakt, og får dekka reisekostnader til og frå arbeid over 15 km.

Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted
Fv269 5108

5108 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5147132366

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav