P
Mann på 32 treng assistentar (fast og tilkalling!
Prima Assistanse avdeling Vestland
NORHEIMSUND Fast June 28, 2026
Job description

Eg er ein kjekk kar i byrjinga av 30-årasom som søkjer nye BPA-assistentar. Dette er ein jobb for deg som har godt humør, pågangsmot og ikkje redd for å bli skitten på hendene. Eg har fleire ledige stillingar, både fast 60% og som tilkalling (ved sjukdom/høgtid/ferier).

Eg er interessert i landbruk, politikk, fest og eg har eit spesielt forhold til god whisky. Grunnen til at eg treng assistanse er at eg har ein progressiv sjukdom som gjer at eg sit i rullestol, har problem med å styre armer og bein, og store utfordringar med tale og syn.

Jobben er så variert at det er vanskeleg å skildre, men den går i hovudsak ut på å vera mine armar og bein og auge. Eg treng hjelp til alt av kvardagslege gjeremål som til dømes personleg hygiene, mat, husstell og liknande. I tillegg liker eg reising, konserter og alt som gjev adrenalin. Arbeidstida er morgon eller kveldsvakt, altså 08:00-15:30 og 16:30-00:00.

Oppstart vil vere så snart som mogleg!

Kven vil trivast hos meg:

Du er løsningsorientert og likar folk

Du må ha ein god dose humor og tålar ein spøk

Eg er spontan og ynskjer at du deler denna eigenskapen

Søknadskriteria:

Du må vere påliteleg, samt ha godt humør og vere positiv

Du kan ikkje ha rulleblad

Du må ha førerkort klasse B.

Eg tilbyr:

Gode arbeids- og lønsbetingelsar gjennom tariffavtale

Grundig opplæring og tett oppfølgjing av lokalkontor

Ein sjølvstendig jobb med varierte arbeidsoppgåver

Det er viktig for meg at du skal ha eit godt arbeidsmiljø.

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav