Vayme
A

Leiar for teknologi og medisinsk teknikk

Avdeling for teknologi og dataflyt, Klinikk for medisinske tenester og beredskap

HAUGESUND Fast July 12, 2026

Job description

Ver med og sikre trygg og moderne teknologi for pasientbehandling. Vi søkjer no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman.
Helse Fonna søkjer ein funksjonsleiar for teknologi og medisinsk teknikk som vil ha ansvar for ein kritisk del av helsetenesta – teknologien som blir brukt direkte i pasientbehandling.
Dette er ein jobb med meining – der du bidreg til at livsviktig utstyr fungerer, er trygt å bruke og blir utvikla i takt med behova i helsetenesta.
Du vil leie arbeidet med forvaltning, drift og utvikling av medisinteknisk utstyr, og vere eit viktig bindeledd mellom kliniske miljø, teknologi og leverandørar.

Du rapporterer til avdelingsleiar for teknologi og dataflyt, og inngår i leiargruppa saman med ny funksjonsleiar for helsedata og dataflyt (annonse ute).
Du får personalansvar for ein seksjon med 18 medarbeidarar innan medisinteknisk utstyr. Rolla kombinerer leiing, operativ oppfølging og fagleg utvikling – med ansvar for både dagleg drift og langsiktig utvikling av området.

Dette er ei sentral rolle for pasienttryggleik og kvalitet i helsetenesta, der du samarbeider tett med kliniske miljø og brukarar. Du får ansvar for avansert og samfunnskritisk teknologi, og vil vere ein viktig bidragsytar i modernisering og digitalisering av medisinteknisk utstyr. Samstundes får du høve til å påverke korleis teknologi blir brukt i framtidas helsetenester, med stor påverknadskraft på prioriteringar og vidare utvikling.

Kva går jobben ut på?

Leie og følgje opp det daglege arbeidet i seksjonen, med ansvar for drift og framdrift

Ha personalansvar og bidra til utvikling av medarbeidarar og fagmiljø

Sikre forsvarleg drift, vedlikehald og forvaltning av medisinteknisk utstyr

Planleggje og følgje opp anskaffingar, utskifting og livssyklus, samt bidra i investeringar og prioriteringar

Samarbeide tett med kliniske miljø, leverandørar og IT for å finne gode løysingar, sikre integrasjon og etterleving av lover og standardar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, medisinteknikk, teknologi eller liknande

Erfaring med drift, forvaltning eller teknisk leiing.

Ønskeleg erfaring med medisinteknisk utstyr eller tilsvarande teknologiske miljø

Ønskeleg med erfaring med anskaffingar og leverandøroppfølging

Tilfredstille krava til DSB samtykke og reparasjon av elektromedisinsk utstyr er ein fordel

Kjennskap til regelverk for medisinsk utstyr er ein fordel

Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

er ein tydeleg og trygg leiar

har god teknisk forståing og interesse for medisinteknologi

er strukturert og evnar å prioritere i ein kompleks kvardag

har høg gjennomføringsevne

byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med tekniske og kliniske miljø

er oppteken av kvalitet, tryggleik og forbetring

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Kvifor skal du velje oss?

Ei viktig leiarrolle i ei samfunnskritisk verksemd

Ein jobb med meining – du bidreg direkte til pasienttryggleik

Eit sterkt fagmiljø innan teknologi og helse

Gode utviklingsmoglegheiter

Trygge rammer og gode pensjonsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Simen Kjellberg, Avdelingsleiar, 90628019, simen.kjellberg@helse-fonna.no

Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5126115980
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.