Job description

Vil du leia og videreutvikla ein av våre viktigaste tenester for innbyggjarane i Kvam?
Me søkjer ein strategisk og engasjert leiar for legetenesta i kommunen og dei kommunale legekontora.

Du vil få ei sentral rolle i å sikra høg kvalitet, god ressursutnytting og heilskaplege legetenester til innbyggjarane våre. Som leiar for legetenesta vil du ha ansvar for å tilretteleggja for eit godt samarbeid mellom fastlegar, øvrig helseteneste og relevante aktørar, samtidig som du bidreg til å styrka tenesta si faglege utvikling. Dette er ein unik moglegheit til å kombinera fagleg dyktigheit med leiing i eit samfunnsnyttig arbeid.

I Kvam er det tilsett medisinsk fagleg rådgjevar, 12 fastlegar og 2 sjukeheimslegar. Kommunen driv kommunale utekontor i Strandebarm, medan Helsebanken legekontor i Øystese er drive av sjølvstendig næringsdrivande legar. Fastlegar i Øystese og Norheimsund rullerer på å ha kontordagar ved utekontoret. I tillegg har kontora stillingar som helsesekretær og sjukepleiar.

Leiar for legetenesta er óg leiar for fagsjukepleiarane i kommunen. Leiar for legetenesta vil ha eit overordna ansvar for fagutvikling og kvalitetsforbetring i helse og omsorgstenestene i Kvam herad.

Arbeidsoppgåver

Følgja opp nasjonale og lokale retningslinjer, og politiske vedtak

Vera ein aktiv bidragsytar for å utvikla samarbeidet mellom fastlegar, øvrige kommunale helsetenester og spesialisthelsetenesta

Ansvar for økonomi og budsjett innan legetenesta og legekontor

Sørga for effektiv ressursbruk, inkludert bemanningsplanlegging og kompetanseutvikling

Bemanningsplanlegging på legekontor og legevakt, inkludert ferieavvikling

Stillinga har det overordna ansvaret for kvalitetsarbeid i tenesta. Medisinskfagleg rådgjevar (kommuneoverlege) skal følgja opp kvaliteten i pasientbehandlinga, pasientsikkerheit og sikra etterleving av faglege standardar. Leiar for legetenesta og fagleg rådgjevar må ha eit tett og godt samarbeid når det gjeld kvalitetsarbeid.

Arbeida systematisk etter Forskrift om ledelse og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesten

Følgja opp krav og tilsyn fra relevante myndigheiter, samt rapportering

Leggja til rette for og følgja opp legar i ulike utdanningsløp: LIS1-teneste og spesialiseringsløp innan allmennmedisin (ALIS)

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som har:

Helsefagleg utdanning frå høgskule/universitet

Leiarerfaring frå helsesektoren, gjerne frå stilling i kommunal sektor

Solid arbeidserfaring frå relevant fagområde

Kjennskap til legetenesta er ei føremon

Relevant leiarutdanning, t.d. nasjonal helseledarutdanning eller er villig til å gjennomføra leiarutdanning

Personlege eigenskapar

Som leiar for legetenesta ønskjer me deg som er:

målretta, strukturert og ein pådrivar i vidareutvikling

nytenkjande, tillitsskapande og har gode samarbeidsevner

tydeleg når du formidlar forventningar og når du gir tilbakemeldingar

tilrettelegg for læring og utvikling hos medarbeidarane dine

i stand til å skapa oppslutnad om endringar gjennom godt prosessarbeid

samlande og opptatt av å skapa gode arbeidsmiljø

Du har ein inkluderande leiarstil, er målretta og beslutningsdyktig. Du ser det som ein styrke å be om støtte, råd og innspel frå både kollegaer, støtteapparat, tillitsvalde og medarbeidarar.

Me tilbyr

Ein svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar

Høve til å påverka og vera med på å utforma fremtidas helse- og omsorgstenester

Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø

Gode leiarkollegaer som har fokus på leiing og tverrfagleg samarbeid

Lønn etter avtale

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Generell informasjon:

Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon
Terje Langeland, Helse og omsorgssjef, +47 975 64 258

Arbeidsstad
Grovagjelet 16

5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5148227350

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav