S
Leiar for interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg
Stabseining samfunnsutvikling, Bygland Kommune
BYGLAND Fast July 8, 2026
Job description

Kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes etablerer no eit felles interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg. Det kan på sikt bli aktuelt med fleire kommunar i samarbeidet. Tilsynskontoret blir organisert som eit vertskommunesamarbeid etter kommunelova kapittel 20, med Bygland kommune som vertskommune. Kontoret vil vere lokalisert i Bygland kommune.

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk leiar som skal byggje opp og leie det nye tilsynskontoret i ein viktig etableringsfase, og vidare sikre profesjonelt og heilskapleg tilsyn og saksbehandling innan avløp og forureining.

Tilsynskontoret skal ha inntil tre 100 % stillingar, inkludert leiar. Talet på stillingar kan bli justert dersom fleire kommunar kjem med i samarbeidet.
Arbeidsstad er Bygland kommune, med arbeid i heile samarbeidsregionen. Noko reiseverksemd må påreknast.

Leiar for tilsynskontoret har overordna ansvar for:

Fagleg og administrativ leiing av kontoret.

Oppbygging og vidareutvikling av rutinar, system og fagmiljø.

Planlegging og prioritering av tilsynsaktivitet i tråd med nasjonale føringar.

Samarbeid med deltakarkommunane, Statsforvaltaren og andre relevante aktørar.

Arbeidsoppgaver

Leiing og personalansvar for medarbeidarane ved kontoret.

Fagleg ansvar for tilsyn etter forureiningsforskrifta.

Saksbehandling etter forureiningslova og forureiningsforskrifta, inkludert pålegg, vedtak og oppfølging.

Utarbeiding og oppfølging av tilsynsplanar, årlege prioriteringar og rapportering.

Bidrag til at kommunane når målet om full regelverksetterleving innan 2033 i tråd med krav i vassforskrifta/EUs vassdirektiv.

Dialog og rettleiing overfor anleggseigarar, konsulentar og entreprenørar.

Samhandling med vassområdekoordinator og bidrag til heilskapleg vassforvaltning i regionen.

Budsjettoppfølging og forvaltning av sjølvkostfinansiert gebyrordning.

Kvalifikasjoner

Relevant høgare utdanning (minimum bachelor), til dømes innan miljøteknikk, VA, naturforvaltning, bygg/tekniske fag eller tilsvarande.

God kjennskap til eller erfaring med forureiningslova og forureiningsforskrifta.

Erfaring frå offentleg forvaltning, tilsyn, saksbehandling eller myndigheitsutøving.

Leiarerfaring eller dokumentert evne til å leie faglege prosessar og team.

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (nynorsk) Relevant erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for formell utdanning.

Personlige egenskaper

Er sjølvstendig, strukturert og trygg i rolla som myndigheitsutøvar.

Har god rolleforståing og høg grad av integritet.

Evnar å kombinere fagleg tyngd med god dialog og rettleiing.

Er samarbeidsorientert og trivst i eit interkommunalt fagmiljø.

Har gjennomføringsevne og trivst med å byggje opp nye strukturar.

Vi tilbyr

Ei fagleg spennande og samfunnsviktig leiarstilling.

Moglegheit til å byggje opp og forme eit nytt interkommunalt fagmiljø.

Stabil arbeidsgjevar og ryddige offentlege rammevilkår.

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.

Fleksibel arbeidstid.

Tenestebil til bruk i feltarbeid.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon
Aslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675

Arbeidssted
Sentrum 18

4745 Bygland

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland Kommune

Referansenr.: 5154796951

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav