A
Leiar for helsedata og dataflyt
Avdeling for teknologi og dataflyt, Klinikk for medisinske tenester og beredskap
HAUGESUND Fast July 12, 2026
Job description

Bli med og utvikle morgondagens helsetenester gjennom smartere bruk av data. Vi søker no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman.

Helse Fonna byggjer no eit sterkt fagmiljø for teknologi og dataflyt, og vi søker ein funksjonsleiar for helsedata og dataflyt som vil spele ei nøkkelrolle i korleis vi samlar, forvaltar og brukar helsedata.

Hos oss får du kombinere leiing med operativt arbeid, påverke korleis system blir integrerte, og sikre at data flyt der det trengst – frå kliniske system og medisinteknisk utstyr, og etter kvart også frå pasientane sine heimar.

Du rapporterer til avdelingsleiar for teknologi og dataflyt, og inngår i leiargruppa saman med ny funksjonsleiar for teknologi og medisinsk utstyr (annonse ute). Du får personalansvar for ein seksjon med 21 medarbeidarar som jobbar med systemforvaltning, integrasjonar og helsedata/pasientdata. Rolla kombinerer operativt ansvar, fagleg leiing og prosjektarbeid – du vil vere tett på både folk, teknologi og leveransar, samstundes som du bidreg til å utvikle retning og beste praksis for dataflyt i Helse Fonna.

Dette er ein jobb med meining – der arbeidet ditt direkte bidreg til betre pasientbehandling, meir effektive arbeidsprosessar og auka kvalitet i helsetenesta.

Kva går jobben ut på?

Leie og utvikle seksjonen, med ansvar for medarbeidarar og fagmiljø

Sikre stabil drift og god forvaltning av pasientdatasystem

Ha ansvar for integrasjonar og samspel mellom system

Leie og bidra i prosjekt, samt prioritere og forbetre arbeidet kontinuerleg

Samarbeide med kliniske miljø og sikre personvern og informasjonssikkerheit

Vidareutvikle struktur, arkitektur og beste praksis for dataflyt

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Relevant høgare utdanning innan IT, teknologi, helse eller liknande

Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav

Erfaring med prosjektleiing eller leiing av større leveransar

God forståing for personvern og informasjonssikkerheit

Ønskeleg med erfaring innan integrasjonar mellom system (til dømes API-ar, meldingsutveksling eller dataplattformer)

Ønskeleg med erfaring med systemforvaltning eller dataplattformer

Ønskeleg erfaring med helsedata eller kliniske system

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

trivst med å kombinere leiing, prosjektarbeid og operativt arbeid

har god teknologiforståing og interesse for systemintegrasjon

er strukturert og evnar å drive fram komplekse leveransar

er løysingsorientert og får ting til å skje

byggjer gode relasjonar og samarbeider på tvers

kommuniserer godt med både tekniske miljø og brukarar

Personlege eigenskapar blir vektlagt

Kvifor skal du velje oss?

Ei sentral rolle innan eit område med stor utvikling

Ein jobb med meining – du bidreg direkte til betre helsetenester

Moglegheit til å påverke korleis helsedata blir brukt i praksis

Eit sterkt, tverrfagleg miljø innan teknologi og helse

Gode utviklingsmoglegheiter

Trygge rammer og gode pensjonsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Simen Kjellberg, Avdelingsleiar, 90628019, simen.kjellberg@helse-fonna.no

Arbeidsstad
Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5126114633

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 17.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav