P
Lege i spesialisering innan psykiatri
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
KRISTIANSUND N Fast June 7, 2026
Job description

Vi har ledig ei fast stilling og eit vikariat 01.09.26 - 28.02.27 ved DPS Kristiansund poliklinikk.

Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR behandling, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling.

LIS jobbar sjølvstendig med eigne utgreiing og behandlingsforløp. Det gis vekentleg rettleiing av spesialist i psykiatri i tillegg til fortløpande drøftingsmoglegheit. LIS er tilknytta eit team med tverrfagleg kompetanse der ein møtast vekentleg til drøftingar.

Om ønskeleg kan tilpassa arbeidstid diskuterast.

For LIS3 er det ei rotasjonsordning med dei ulike seksjonane i Molde slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga lokalt. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke.

Det er ei felles primærvaktordning for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset, men LIS3 i Kristiansund kan velge å ikkje delta i vaktordninga under tenesta i Kristiansund. For LIS3 vil denne vere ca 18-delt tilstedevakt. Stillinga vi no lyser ut inngår i rotasjonsordninga.

Oppstart 01.09.26 eller etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

Arbeid i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar

Sjølvstendig arbeid med oppfølging av pasientar og eksterne samarbeidsaktørar

I samarbeid med psykiater gjere vurderingar knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som lege

Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning

Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan også søkje midlertidig stilling

Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

Du er pasientorientert

Du har gode samarbeidsevner

Du kommuniserar godt både internt og eksternt

Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

Ei god spesialistutdanning i psykiatri!

Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg

Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs

Sterkt tverrfagleg samarbeid

Ein inkluderande arbeidsplass

Løn etter gjeldande overeinskomstar

Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.

Byer vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon
Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202, Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.no

Arbeidsstad
Hagan 9

6516 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5141571464

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikariat

Søknadsfrist: 01.07.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav