N
Lege i spesialisering
Nordfjord psykiatrisenter
NORDFJORDEID Vikariat July 9, 2026
Job description

Seksjon døgn ved Nordfjord psykiatrisenter har ledig 100 % vikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) frå 01.12.2026 til 31.08.2027.

Vil du arbeide tett med pasientar som opplever psykiske vanskar, og bidra til eit viktig behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta?
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit tverrfagleg miljø.

Ved Nordfjord psykiatrisenter gir vi behandling til menneske i ulike fasar av livet. Seksjon døgn har 12 sengeplassar og om lag 30 tilsette.
Psykiatrisenteret har tre seksjonar med til saman om lag 75 årsverk. Du vil samarbeide med fleire faggrupper, mellom anna psykologar, overlegar, legar i spesialisering, sosionomar og miljøterapeutar.

Ønskjer du å vite meir om arbeidsplassen? Les meir om Nordfjord psykiatrisenter på heimesida vår: Nordfjord psykiatrisenter

Arbeidsoppgåver

Vurdere, greie ut og diagnostisere pasientar med psykiske vanskar og/eller rusproblem

Vere kontaktlege for pasientar i døgnbehandling

Planlegge og gjennomføre behandling i samarbeid med pasient og tverrfagleg team

Samharbeide med pårørande og aktuelle samarbeidspartar

Delta i Nordfjord psykiatrisenter si vaktordning

Deltaking i tilsynsordning ved Nordfjord sjukehus

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1

Klinisk erfaring og/eller interesse for arbeid med psykiske lidingar og rusproblem

Førarkort klasse B

Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg

Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer

tek ansvar og arbeider sjølvstendig i kliniske vurderingar

byggjer gode relasjonar og bidreg til eit trygt behandlingsmiljø

trivst med å samarbeide i tverrfaglege team

klarer å prioritere oppgåver i ein variert og til tider travel kvardag

Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande avtale, med rekrutteringstillegg

Tilrettelegging for gjennomføring av spesialisering (LIS-løp)

Fagleg utvikling gjennom rettleiing, kurs og internundervisning

Eit tverrfagleg miljø med engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Hjelp til å skaffe bustad

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, 97 18 96 29

Mari Ann Jacobsen Bruvoll, Teamleiar, 57 86 43 37

Arbeidssted
Sjukehusvegen 9

6770 NORDFJORDEID

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5150617846

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.12.2026

Sluttdato: 31.08.2027

Søknadsfrist: 23.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav