A
Ledig 100% stilling som sjukepleiar
Aukra kommune Aukra omsorgssenter
AUKRA Fast July 19, 2026
Job description

Vi i Aukra søkjer deg som ønskjer å utgjere ein forskjell i nokon sitt liv, som fast sjukepleiar i 100% stilling.

Vi investerer i våre tilsette, og legg derfor til rette for vidareutdanning i samsvar med kompetanseplanen for eininga.

Om oss

Aukra Omsorgssenter ligg på Gossen, 12 minutt med gratis ferje frå Hollingsholmen. Det er ein fin reiseveg til ferja, uansett om du bur i Molde eller Hustadvika.

Vi flytta inn i Aukra Omsorgssenter i 2018. Omsorgssenteret består av:

Sjukeheim med tre ulike avdelingar; langtidsavdeling, korttidsavdeling og skjerma avdeling.

20 heildøgns omsorgsboligar som blir betent av heimetenesta

Base for heimebaserte tenester

Legevaktsatellitt

Dagsenter

Administrasjon

Kjøkken/kantine

Frisør og neglesalong

Lokale som blir nytta av ergo/fysio.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter ein person som:

Spreier arbeidsglede

Er raus med kollegaene sine

Er engasjert og fagleg dyktig

Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Har godkjend bachelor i sjukepleie

Det er ønskjeleg med erfaring frå eldreomsorga

Det er ein fordel om du har kjennskap til Helseplattformen

Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ser etter.

Arbeidsoppgåver

Sjukepleiefagleg oppfølging og observasjon av pasientar/bebuarar

Handtering og vurdering av akutte situasjonar

Administrering av medikament og dokumentasjon etter gjeldande rutiner

Samarbeid med lege, legevakt og anna helsepersonell ved behov.

Mottak og handtering av pasientar på legevaktsatellitt, i samråd med Molde interkommunale legevakt

Ivaretaking av pasientane sine grunnleggjande behov og tryggleik

Rettleiing og samarbeid med kollegaer og anna pleiepersonell

Sikre god kommunikasjon og rapportering mellom vaktskifta

Arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter og faglege retningslinjer

Delta i kvalitetsarbeid og bidra til fagleg utvikling på arbeidsplassen

Vi tilbyr

Aukra kommune sitt eige stabilitetstillegg på 100 000 kr som blir utbetalt kvart fjerde år

8 års ansiennitet frå fyrste arbeidsdag

Tilrettelegging for vidareutdanning i tråd med kommunen si kompetanseplan

Eit veldig kjekt og innhaldsrikt arbeidsmiljø

Ein arbeidsplass som ønskjer å leggje til rette for deg når det trengst

Ein draumeturnus kor vi kan legge til rette for lengre friperiodar

Løn etter tariff

Som busett og arbeidstakar i kommunen vår kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år gjennom staten si ordning for nedskriving av studielån i distriktskommunar.

Aukra kommune har heiltidskultur, men vi er åpen for redusert stilling om du ønskjer det

Dekt legevaktskurs og kurs i vald- og overgrepshandtering

Oppstart
Etter avtale

Arbeidstid

Turnus, alle dagar

Særskilt krav

Det er krav om politiattest for tilsette som skal yte tenester etter helse- og omsorgstjenesteloven (jf. §5-4)

Prøvetid
Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søk på jobben
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

Søk seinast 31. august

Link til søknadsskjema: Søk her
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav