Job description

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.

Vi har eit rikt og variert dyrehald, og hesteavdelinga er ein sentral del av skulen sitt faglege tilbod. No søkjer vi ein engasjert lærling til hesteavdelinga. Som lærling hjå oss vert du ein viktig del av kvardagen – både for dyr og elevar.

Arbeidsoppgåver

Du er med på å drifte hesteavdelinga med stell og fôring av hestane i lag med driftsansvarleg. Du får også ei unik sjanse i å delta i overgang frå tradisjonelt oppstalling til vår nyleg etablerte aktive stall. Daglege oppgåver er å stelle hestane, halde stallen i orden og leggje til rette for at Stends elevar får god praktisk undervisning med yrkesretta oppgåver. Du kommuniserer med, og legg til rette for, elevar og lærarar i den daglege drifta.

Dagleg stell, fôring og tilsyn av hestar

Stell av stall, paddokar og uteområde

Leggje til rette for praktisk undervisning for elevar

Kommunisere med og støtte elevar og lærarar i undervisningssituasjonar

Bidra til god dyrevelferd og fagleg utvikling av hesteavdelinga

I einskilde periodar kan det verte tillagt oppgåver på andre dyreavdelingar ved skulen

Kvalifikasjonar

Gjennomgått og bestått Vg1 naturbruk

Gjennomgått og bestått Vg2 Heste- og dyrefag, gjerne med vekt på hestefag

Personlege eigenskapar

Du har eit ekte engasjement for hest

Du brenn for at elevar på Stend VGS får den beste skuledagen

Du har gode kommunikasjonsevner og har lett for å ha kontakt med elevar, vaksne og kundar

Du er ryddig og reinsleg, og tek ansvar for orden i stall og på anlegget

Du vekkjer tillit og er truverdig

Du kan samarbeide godt med andre, og jobbe sjølvstendig når det trengst

Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Janne Seilen, avdelingsleiar, 92094232

Arbeidssted
Fanavegen 249

5244 Fana

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5147541091

Stillingsprosent: 100%

Lærling

Søknadsfrist: 24.06.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav