Vayme
S

Lærling Dyrefag

Stend Vgs

FANA Lærling June 17, 2026

Job description

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.

Vi har eit rikt og variert fagmiljø innan mellom anna hest, hund, smådyr og landbruk. No søkjer vi ein engasjert lærling i dyrefaget.

Som lærling hos oss vert du ein del av eit aktivt og fagleg sterkt team. Du vil ha hovudtilknyting til smådyravdelinga, men vil i periodar også bidra på hundefag og eventuelt andre dyreavdelingar etter behov. Dette gir deg ei brei og verdifull opplæring innan dyrefaget.

Arbeidsoppgåver

Drifte smådyravdelinga saman med driftsansvarleg, inkludert dagleg stell av dyr

Stelle dyr som ikkje inngår i dagens undervisning

Leggje til rette for at elevar ved Stend får god praktisk undervisning med yrkesretta oppgåver

Kommunisere med og støtte elevar og lærarar i kvardagen

Bidra i periodar på hundefag og andre dyreavdelingar ved behov

Delta i anna drifts- og utviklingsarbeid ved skulen

Kvalifikasjonar

Gjennomført og greidd Vg1 Naturbruk

Gjennomført og greidd Vg2 Heste- og dyrefag, gjerne med vekt på dyrehelse eller hundefag

Personlege eigenskapar

Du har eit ekte engasjement for dyr og for dyrevelferd

Du brenn for at elevar på Stend VGS skal få den beste skuledagen

Du har gode kommunikasjonsevner og trivst med kontakt med elevar, vaksne og kundar

Du er ryddig og reinsleg i arbeidet ditt

Du vekkjer tillit og er truverdig

Du er interessert i kunnskapsutvikling innanfor dyrefaget

Du kan samarbeide godt med andre, og jobbe sjølvstendig når det trengst

Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon
Janne Seilen, avdelingsleiar, 92094232

Arbeidssted
Fanavegen 249
5244 Fana

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5147550457
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 24.06.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.