S
Lærar i matematikk og naturfag
Sotra vidaregåande skule
SKOGSVÅG Fast June 26, 2026
Job description

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.

Vi søkjer etter lærar i matematikk og naturfag i 100% fast stilling.

Arbeidsoppgåver

Undervisning i matematikk og naturfag, samt eventuelle andre fellesfag på studiespesialiserande- og yrkesfaglege programområde.

Tett oppfølging av einskilde elevar.

Skape og utvikle opplæringa i samarbeid med elevar, kollegaer og skuleleiing.

Arbeide systematisk for at elevane skal lære fagleg og sosialt.

Samarbeide med kollega om elevane si læring og utvikling.

Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

Undervisningskompetanse i matematikk og naturfag på vidaregåande nivå, gjerne kombinert med andre fag som skulen tilbyr.

Pedagogisk utdanning.

Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.

Gode IKT kunnskapar.

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.

Gode norsk-kunnskapar munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.

Du har stort engasjement for faget.

Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.

Du er fleksibel og ser moglegheiter.

Du har gode samarbeidsevner.

Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.

Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.

Vi tilbyr

Løn etter kvalifikasjonar.

Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Inkluderande og godt arbeidsmiljø.

Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.

Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.

Trimgrupper for tilsette.

Andre opplysningar
Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
Ein må rekne med å få undervisning på alle skulestadene på Sotra vgs. Det er ønskjeleg med oppstart frå august, men oppstartdato avtalast.

Kontaktinformasjon
Erik Henneli, 95826077

Olav Lee, rektor , 93034370

Arbeidsstad
Finkelhølsvegen 10

5382 Skogsvåg

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5150397576

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav