Vayme
V

Koordinator pasientlogistikk

Voss sjukehus / Kirurgisk seksjon, Helse Bergen HF

VOSS Fast July 5, 2026

Job description

OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus er eit akuttsjukehus med beredskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, anestesi, føde- og gynekologi. Me er ein del av Helse Bergen og har tett samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har om lag 400 tilsette og gjev tenester til rundt 30 000 innbyggjarar – i tillegg til pasientar frå Bergen, Sogn og Hardanger. Her får du vere del av eit oversiktleg sjukehus der du verkeleg kan utgjere ein forskjell!

OM SEKSJONEN OG STILLINGA
Kirurgisk seksjon har eit aktivt og sterkt fagmiljø som omfattar både kirurgi, gynekologi og ortopedi. Me behandlar pasientar innan døgn-, dag- og polikliniske løp og kvardagen er variert med både planlagt aktivitet og øyeblikkeleg hjelp. Seksjonen er tverrfagleg samansett, med høg fagleg standard og godt arbeidsmiljø.
Me søkjer no koordinator for pasientlogistikk i 100% fast stilling. Du vil ha ei sentral rolle i planlegging og koordinering av poliklinikk- og operasjonsprogram, oppfølging av ventelister og kapasitetsstyring. Stillinga passar for deg som trivst med koordinering og samarbeid. Du må kunne handtere ein variert arbeidskvardag med mange kontaktflatar, samstudes som du har blikk for både detaljar og heilskap. Hjå oss får du høve til å styrkje kvaliteten i tenestene og bidra til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø i eit sjukehus med høg aktivitet.

OM VOSS
Voss byr på eit unikt høve til å kombinere eit aktivt arbeidsliv med nærleik til storslått natur og eit rikt kulturliv. Her finn du både kvardagsro og store opplevingar – året rundt.

Arbeidsoppgåver

Planlegge, koordinere og fylgje opp poliklinikk- og operasjonsprogram i samarbeid med relevante fagmiljø

Sikre effektiv bruk av ressursar, inkludert rom, personell og utstyr

Fylgje opp endringar, avvik og omprioriteringar i program og timeoppsett

Bestille og tilpasse timar, samt handtere ventelister og prioriteringar

Bistå behandlarar ved undersøkingar, behandlingar og prosedyrar i poliklinikk

Vere kontaktpunkt for samarbeidspartnarar i planlegging

Bidra til god informasjonsflyt internt og eksternt

Bidra til kvalitetssikring og kontinuerleg forbetring av rutinar og arbeidsprosessar

Delta i utviklingsarbeid knytt til pasientlogistikk og drift

Kvalifikasjonar

Helsesekretær*, medisinsk sekretær, fagbrev i kontorfag, anna sekretærutdanning eller kontorfagleg bakgrunn

Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg

Må ha gode digitale ferdigheiter

Fordel med kjennskap til medisinsk terminologi og elektroniske pasientsystem

*helsesekretær må ha norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

Du er

Strukturert, punktleg og påliteleg

Imøtekomande og serviceinnstilt

Trivst med å koordinere fleire oppgåver samstundes

Tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel

Tek ansvar, er sjølvstendig og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Har evne til å prioritere i periodar med høgt arbeidstempo

Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr

Ein spennande og meiningsfylt jobb som gjev personleg utvikling

Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Gunn Iren Hovda Engvold, Assisterande direktør, +47 41694311
Monica Bidne, Konstituert seksjonsleiar, +47 41876140

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 VOSS

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5151749468
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.