Job description

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved Bergen og omland familiekontor, avdeling Odda, har vi ledig fast stilling som konsulent/førstekonsulent i 100 % stilling, med oppstart fra 15.11.2026.

Bergen og omland familiekontor har til saman omlag 40 tilsette med utdanning som familieterapeutar, psykologar/psykologspesialistar, og tilsette med kontorfagleg kompetanse. Familievernet gir tilbod til familiar, par og born som sjølv oppsøkjer tenesta med ulike typar relasjonelle problem. Tenestetilbodet vårt består av familie- og parterapi, gruppeaktivitet, kurs, tilsyn v/samvær og bistand til foreldresamarbeid der foreldre ikkje lenger bur saman. I familievernet utfører vi og ei viktig oppgåve med lovpålagt mekling mellom foreldre, med formål om å hjelpe dei til å finne gode løysingar for born etter samlivsbrot. Familievernet i Noreg er i utvikling, og eit satsingsområde er å auke born si medverknad i eige liv gjennom familievernet sitt tenestetilbod. Den kontorfaglige funksjonen er sentral i kontakt med alle som henvender seg til oss.

Familiekontoret i Odda er ei av tre avdelingar under Bergen og omland familiekontor, saman med avd. Bergen og avd. Stord. I Odda er det i dag tilsett 1 førstekonsulent og 4 familieterapeutar, der èin også er avdelingsleiar.

På vårt kontor i Odda vil du bli del av eit sterkt fellesskap der du vil samarbeide nært med terapeutar, samt 3 kontorfaglege ved våre andre avdelingar, og einingsleiar.

Arbeidsoppgåver

Hos oss vil du få ansvar for:

å ta imot daglege henvendelsar frå publikum gjennom telefon og e-post

følgje opp henvendelsar gjennom telefon til klientar

samarbeide med terapeutar om inntaksarbeid knytt til avtalar

vere til diposisjon for våre klientar på venterommet

administrere og samarbeide om dagleg flyt i kalender med nye, og allereie oppretta klientavtalar

ansvar for at statistikk og data vert utfylt og rapportert vidare i systemet

ansvar for kontering og attestering av fakturaer

ansvar for dokumentasjon og kassasjon i tråd med gjeldande reglar i arkivlova

andre kontorfaglege oppgåver

Kva bakgrunn har du?

Du må ha:

Minimum treårig vidaregåande skule, med fortrinn for fagbrev i kontor- og administrasjonsfag eller relevant bachelorutdanning.

Meir enn 2 års erfaring frå tilsvarande kontorfagleg arbeid, gjerne frå offentleg verksemd.

God systemforståelse.

Generelt god IT-kompetanse, særleg i Microsoft 365 og Excel.

Beherske norsk flytande som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg. Du må beherska nynorsk skriftleg som arbeidsspråk.

Det er ønskjeleg at du har erfaring med:

dokumenthandtering

internkontroll / avvikskontroll

kontering og attestering av fakturaer

rapportering av statistikk

programvare til klientsystem

kunde- eller brukarkontakt

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

har orden og struktur i arbeidet ditt,

har stor arbeidskapasitet,

tåler endringar og travle dagar,

ynskjer å bidra til andres arbeid,

bidrar positivt inn i arbeidsmiljø,

har lett tilgang til latter og godt humør.

Kva får du hos oss?

Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ som konsulent i stillingskode 1065, lønsspenn kr 540.000 - 600.000 pr. år / førstekonsulent i stillingskode 1408, i lønsspenn kr 560.000 - 640.000 pr.år.

Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.

Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.

Du vil få moglegheit til å trena i arbeidstida med 1 time pr. veke, til tidspunkt tilpassa drifta.

Du får arbeida i eit sterkt og engasjert fagmiljø med dedikerte kollegaer.

Opplysningar til deg som søkjar

Vi søkjer etter dei beste hovuda og hjarta uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.

Stillinga er for tida lagd til Bergen og omland familievernkontor, avdeling Odda.

Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.

Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.

Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav