Job description

Vil du bidra til å styrke dei digitale løysingane for kollektivtrafikken i Vestland? Skyss skal tilby eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. For å sikre stabile, framtidsretta og kundevenlege løysingar søker vi no etter ein konsulent med sterk interesse for teknologi, data og kollektive transportsystem.

Hos Skyss får du arbeide tett på buss, båt og ferje og bidra til tekniske løysingar som kvar dag vert nytta av tusenvis av reisande.

Arbeidsoppgåver

Hos oss vil du ha ei sentral rolle i forvaltning og vidareutvikling av tekniske system knytt til kollektivtrafikken i Vestland. Stillinga inneber tett samarbeid med operatørselskap, leverandørar og interne fagmiljø, og krev både teknisk forståing og god innsikt i kundeorienterte løysingar. Du vil også delta i oppdrag ute i felt, mellom anna knytt til buss, båt, ferje, haldeplassar og terminalar.

I rolla som teknisk tenesteforvalter vil sentrale oppgåver vere:

Forvaltning og teknisk oppfølging av Skyss sine system og tenester innan kollektivtransport

Oppfølging av bussrelatert teknologi, inkludert IT-system i buss og teknologi i kjøretøy

Forvaltning og vidareutvikling av sal- og billettløsyingar

Arbeid med datakjelder og tekniske løysingar knytt til IoT og sensordata, signaldata frå buss og infrastruktur, meldingsbaserte løysingar og protokollar (t.d. MQTT)

Samarbeid med operatørar og leverandørar om tekniske løysingar

Rolle som superbrukar for kunde- og reiseorienterte system

Teknisk oppfølging av haldeplassar og terminalar

Bruk av IKT-verktøy til dokumentasjon, feilsøking og rapportering

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har

fag-/sveinebrev eller 3-årig universitets-/høgskuleutdanning innan relevante fagområde, til dømes IT, automasjon, teknologi eller tilsvarande.

førarkort klasse B

Det er i tillegg ønskeleg at du har

god kjennskap til buss og teknologi i buss (gjerne med erfaring frå ITxPT-standardar)

erfaring med sal- og billettløysingar

kjennskap til automasjon, loT-løysingar og sensorbaserte system

erfaring med bruk av IKT-verktøy i teknisk forvaltning

Personlege eigenskapar

Vi treng deg som

er serviceinnstilt og har fokus på brukarar og kundar

samarbeider godt og kommuniserer tydeleg med både tekniske og ikkje-tekniske miljø

arbeider strukturert, sjølvstendig og er løysingsorientert

er fagleg nysgjerrig og interessert i teknologi

trivst med varierte oppgåver og arbeid både på kontor og ute i felt

Vi tilbyr

Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad

Eit tverrfagleg og engasjert arbeidsmiljø

Moglegheit for å utvikle seg fagleg

Fleksibel arbeidstidsordning

Lønn etter avtale

Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Andre opplysningar:

Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk

Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader

Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Kontaktinformasjon
Frode Endresen, leiar faggruppe drift og forvaltning mobilitetsteknologi, 91107259, frode.endresen@skyss.no

Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22

5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5091807070

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav