H
Konsulent/spesialkonsulent
Hareid kommune, Sektor for velferd
HAREID Fast June 30, 2026
Job description

Hareid kommune har ledig ei 100 prosent fast stilling som konsulent/spesialkonsulent. Arbeidstida er frå måndag til fredag frå klokka 08 -16. Stillinga ligg til velferdskontoret, med kommunalsjef for sektor for velferd som næraste leiar. Stillinga inneber i hovudsak sakshandsaming for helse- og omsorgstenester i kommunen.

I samarbeid med dei andre einingane, skal vår sakshandsaming syte for at dei som oppheld seg i kommunen får naudsynte og koordinerte tenester i samsvar med dei pliktane og rettane som lovverket gir.

Vi søkjer ein positiv og kunnskapsrik medarbeidar som trivst med hektiske arbeidsdagar fylt med allsidige oppgåver, og som har interesse for helserett og forvaltning.

Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.

Arbeidsoppgåver

forvaltning av helse- og omsorgstenester (sakshandsaming)

tverrfaglege samarbeidsmøter

diverse merkantile oppgåver

vederlagsutrekning dersom du har erfaring med det

deltaking i interkommunalt sakshandsamarnettverk

Vi er i stadig utvikling, og det kan bli lagt andre arbeidsoppgåver til stillinga. Kommunane på søre Sunnmøre utgreier for tida felles forvaltningskontor.

Kvalifikasjonar

treårig relevant høgare utdanning innan administrasjon, helse- eller sosialfag

vidareutdanning, og eller erfaring i sakshandsaming er ein fordel

kjennskap til kommunehelsetenesta og relevant lov- og regelverk er viktig

arbeidsfeltet krev at du formulerer deg godt både skriftleg og munnleg

god digital kompetanse

Personlege eigenskapar

du er imøtekomande

du er sjølvstendig og strukturert

du er løysingsorientert

du skapar gode relasjonar til dei rundt deg

du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne

du har handlekraft og gjennomføringsevne

du er positiv til endringar

du er fleksibel og har stor arbeidskapasitet

Det er viktig for oss å bygge eit godt team, difor er personleg eignaheit av stor tyding og vil bli lagt vekt på.

Vi tilbyr

god opplæring

eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer

fleksibel arbeidstid

god forsikring og pensjonsordning

løn etter gjeldande tariffavtale

Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.

Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.

Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.

Kontaktinformasjon
Ottar Eiksund Røyset, Kommunalsjef, +47 97797373

Arbeidsstad
Teigevegen 55

6060 HAREID

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommune

Referansenr.: 5151388289

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav