Vayme
K

Kommunal lege fast 100% 3. gongs utlysning

Kvinnherad kommune Helse

ROSENDAL Fast June 8, 2026

Job description

Har du hjarte for dei eldre og eit godt lag med menneske? Då kan du vera akkurat den sjukeheimslegen vi gler oss til å få med på laget!

Kvinnherad kommune ønskjer å opprette ei ny 100 % legestilling knytt til legetenesta. Stillinga er knytt til Rosendalstunet dei første to åra. Institusjonen har seks avdelingar og 60 plassar fordelt på langtidsplassar, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø, tverrfagleg samarbeid og god tilgang til treningsfasilitetar. Som sjukeheimslege er du ein del av eit tverrfagleg team som består av sjukepleiarar, ergoterapeutar og fysioterapeutar. I tillegg til denne stillinga er det 1,1 årsverk i kliniske legestillingar fordelt på tre legar.

Rosendalstunet ligg i nydelege omgjevnader ved Hardangerfjorden (ja, du får nydeleg utsikt på kjøpet kvar dag).

Omtale av stillinga

Vi søkjer ein dyktig og engasjert lege som har strukturert arbeidsstil, kan jobba sjølvstendig og delta i kvalitetsutviklande arbeid. Vi ønskjer ein lege med kompetanse og erfaring frå sjukeheimsmedisin, allmennmedisin og/eller indremedisin. Søkarar med annan relevant bakgrunn vert òg vurderte. Engasjement, fleksibilitet, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og personleg eignaheit vert vektlagde. Søkarar bør ha gjennomført LIS1/turnus, ha norsk autorisasjon som lege og ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

ALIS
Kvinnherad kommune er registrert som utdanningsverksemd i allmennmedisin. For kandidatar i ALIS‑løp kan vi tilby individuell utdanningsplan, rettleiing og internundervisning. Detaljar vert avtalte i samband med tilsetjing.

Oppstart
Det er mogleg med snarleg oppstart og redusert stillingsprosent.

Arbeidsoppgåver:

Gi heilhetlig medisinsk oppfølging av pasientar, inkl. legevisitt, innkomstjournal, epikrise, årskontroll, legemiddelgjennomgong, samtykkevurdering og behandlingsavklaring

Sikre god og korrekt dokumentasjon

Dialog med pasient og pårørande

Tverrfaglig samarbeid med øvrige faggrupper på sjukeheimen

Samhandling med fastlegar, andre kommunale tjenester og spesialisthelsetjenesta

Bidra til internundervisning, kompetanseheving og fagutvikling

Holde seg fagleg oppdatert, mellom anna ved å delta på relevante møter og kurs

Vi tilbyr

Engasjert og fagleg sterkt sjukeheimslegeteam med fagmøte annan kvar månad

Avsett tid til fag/undervisning og dekning av relevante kurs

Høve til å møte mange ulike pasientgrupper og problemstillingar

Konkurransedyktig løn (etter avtale)

Offentleg pensjonsordning

Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet

Per i dag er det ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring

Gratis SFO, kommunal reduksjon i foreldrebetaling i barnehage og søskenmoderasjon

Dekning av flyttekostnader etter nærare reglar

Trygt og godt oppvekstmiljø

Natur i verdsklasse – fjord, fjell og friluftsliv rett utanfor døra

Legevakt
Kvinnherad kommune har eiga legevakt. Det er mogleg å ta legevakter utanom arbeidstid dersom du ønskjer det, men det er ikkje pålagt.

Oppstart
Ønskt oppstart er 01.08.2026, eller etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:

einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055

irina.zimina@kvinnherad.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.